NRK Meny
Normal

Jaktar på useriøse byggeaktørar

Jakta på useriøse aktørar i byggebransjen er styrka i Trondheim, og eit eige team har farta rundt på byggeplassar for å sjekke korleis det står til. Dei er slett ikkje glade for alt de har kome over.

De organiserte håndverkerne har nå sett seg lei på useriøse konkurrenter, og har oppretta et eget inspeksjonsteam.

Ulovlig arbeid i stige

Arbeid i stige er ikkje lovleg, likevel har inspektørane sett det utallige gonger sidan juni.

Foto: Prosjekt Teamwork
Ulovlig arbeid

Det er mange døme på at tryggleiken ikkje er god nok i byggebransjen.

Foto: Prosjekt Teamwork

Prosjekt Teamwork er eit pilotprosjekt oppretta av Trondheim Malermesterlaug og Malernes Forening, og målet er å avdekke useriøsitet i byggebransjen.

Sidan juni har dei tatt bilder og dokumentert det dei meiner er brot på arbeidsmiljølova og feil på bygg.

Konkurranse på ulike vilkår

Bakgrunnen er at dei organiserte handverkarane har sett seg lei på at konkurrentane ikkje bryr seg om lovverk og kvalitetskrav.

– Vi seier ikkje at alt arbeid frå konkurrentane er av dårleg kvalitet, men vi merkar at vi konkurrerer på ulike vilkår, seier Terje Myrseth som er leiar i Trondheim Malermesterlaug og såleis ein av oppdragsgivarane til teamet som fer rundt.

Teamet har vore på inspeksjon på bygginga av heilt nye hus i Trondheim. Der fann dei fleire feil, mellom anna fuktskadar som var forsøkt dekt over. Dei dokumenterte dette med bilde og rapport frå takstmann.

Ulovlege arbeidsmetodar

I tillegg har dei dokumentert arbeidsvilkår som ikkje er lovlege, som til dømes arbeidarar utan sikring oppe i stiger.

– Nokre jobbar i tillegg ulovleg i stillas som ikkje er sikra, og dei har ikkje ID-kort, seier Jan Rune Brovold frå Malernes Forening.

Han meiner dette øydelegg for dei som vil drive seriøst.

– Om dei ikkje brukar lift og stillas som dei er pålagt etter lova, vil det vere billegare, pluss at arbeidarane har dårlegare betaling, seier han.

– Dei jobbar lange dagar og har lågare lønn. Dei tar ikkje omsyn til tryggleik og lovpålagt kursing. Dermed oppstår det farlege og ulovlege situasjonar, seier Vidar Sagmyr i Prosjekt Teamwork.

– Berre skraping i overflata

Han fryktar for framtida til fleire av dei seriøse aktørane i byggebransjen.

– Kanskje konsekvensen blir at også norske bedrifter blir nødt til å gi etter på det som gjeld helse, miljø og tryggleik, alt det som er lovpålagt, men som ein ser at dei andre ikkje tar stilling til fordi dei berre får ture fram vidare, seier han.

Brovold i Malernes Forening er sjokkert over det Prosjekt Teamwork har avdekt så langt.

– Vi visste at det var ein del som ikkje var bra, men at det var så mykje, det ante eg ikkje. Eg trur vi berre er i ferd med å skrape i overflata, seier han.

Inspeksjon av byggearbeid

Inspeksjonsteamet som to malermesterforeiningar har oppretta, har hendene fulle med å dokumentere feil på bygg og brot på arbeidsmiljølova.

Foto: Kjartan Ovesen / NRK

Video fra Trøndelag

Håper å få åpnet elva i løpet av kvelden.
Slik gikk det med Mette Vollan i uværet.
Skiheisen i Vintervannskleiva åpen igjen.