Hopp til innhold

Inhabil advokat for kreftofre?

Sjuke og etterlatne etter kreftskandalen ved NTNU i Trondheim brukte laboratoriesjefens son som advokat under erstatningssaka.

Laboratorium på Rosenborg, NTNU.
Foto: NRK

Berre ein valte ein annan advokat og han fekk fleire millionar meir enn dei andre i erstatning.

- Eg representerte ein av desse, og det har blitt kjent at han fekk ei rikeleg erstatning, seier advokat Steinar Winther Christensen til NRK.  

Han legg til at det skjedde ei endring av det tilbodet som låg på bordet då han kom inn i saka, til den endelege erstatningssummen som blei utbetalt. Den var mykje høgare enn den opphavlege summen og skilnaden på denne klienten erstatning og dei andre forlika er etter det NRK kjenner til på mange millionar kroner.

Rettleiing i val av advokat

Laboratorium på Rosenborg, NTNU.
Foto: NRK

 Dei andre kreftofra valte å halde seg til advokat Kjetil Iversen, som dei fekk rettleiing om å velje. Advokat Iversen var son til sjefen ved laboratoriet der kreftofra blei utsett for stoffa som sidan har gjort dei sjuke.

Iversen representerte i utgangspunktet alle kreftofra frå biologisk institutt ved NTNU i Trondheim. Christensen er ikkje i tvil om at dei nære familiebånda har vore svært uheldige for saka.

- Det kan verke inn både på saksbehandlinga og sluttresultatet, seier Christensen.

Krevde prosentar av erstatninga 

Ifølge VG krevde advokat Ketil Iversen prosentar av erstatninga klientane fekk frå farens arbeidsgivar, NTNU.

Han krevde i eitt tilfelle ein firedel av erstatninga, 325 000 kroner, noko som er i strid med Advokatforeiningas reglar.

Iversen kan no bli klaga inn for disiplinærkomiteen for brot på dei etiske reglane for advokatar.

Feil framgangsmåte

Laboratorium på Rosenborg, NTNU.
Foto: NRK

 

Forlika, som er inngått mellom kreftofra og staten er hemmelege, og ingen kan med det seie noko offentleg om kva effekt familiekoplinga har hatt på dei endelege erstatningssummane, men Steinar Winther Christensen meiner likevel enkeltpersonar har opptredd på en lite heldig måte.

- Eg ville ikkje seie at det var feil av advokaten å ta desse sakene, då vil eg heller seie at det var feil at oppdraga mulegens kom til han frå ein bestemt person.   

NTNU har ikkje vurdert saka

Seniorrådgivar ved NTNU, Per Kjøl, stadfestar at universitetet kjenner koplinga, men seier at dei ikkje har vurdert å ta opp denne saka internt.

- Vi er kjent med at det er son til ein av professorane som har vore tungt inni miljøet og representert dei etterlatne eller dei som har blitt sjuke. Det vi har lagt vekt på er at det er partar her som har valt advokat, og med det funne det rett å bruke Kjetil Iversen. Det er det vi har hatt som utgangspunkt og halde oss profesjonelt til, Kjøl.

NRK prøvde utan hell i går å kontakte advokat Kjetil Iversen for å få ein kommentar, men lukkast ikkje.