Hopp til innhold

Her har dei bygd iglo av is – vil leige ut til turistar

TYDAL (NRK): To kameratar frå Trøndelag har bygd ein litt utradisjonell iglo – ved å bruke isblokker i staden for snø. Neste vinter ynskjer dei å leige ut slike igloar for overnatting.

Isiglo, Tydal

IGLO: To kameratar frå Trøndelag har bygd ein iglo av isblokker. Neste vinter håpar dei å kunne leige ut slike igloar for overnatting.

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

Dei fleste igloar er laga av snø, men kameratane frå Tydal i Trøndelag har laga ein isiglo.

Dei fekk høyre at det ikkje gjekk an, og bestemte seg derfor for å motbevise dette.

Det var lokalavisa Selbyggen som omtalte isigloen først.

– Is er godt byggemateriale

Igloen ligg tre kvarter frå bygda til kameratane – dersom du har ein rask snøskuter.

Vanlegvis reiser karane frå Tydal til Essandsjøen for isfiske, men no har dei altså bygd ein iglo av isblokker der. Og den liknar på igloar du berre finn i teikneseriar.

– Vi brukar mykje tid her om vintrane, og så set vi og planlegg litt forskjellig. Dette var eit artig prosjekt som vi hadde lyst til å prøve, fortel Lars Østby Nilsen.

Flemming Lunden og Lars Østby Nilsen

INITIATIVTAKARAR: Flemming Lunden (t.v.) og Lars Østby Nilsen har bygd ein isiglo på Essandsjøen i Tydal.

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

Dei har aldri bygd ein iglo før, men oppdaga raskt at is var eit godt byggemateriale.

– Det er eigentleg veldig fascinerande. Du kan forme isen som du vil, og det er godt med materiale tilgjengeleg. Det blir aldri tomt, seier Østby Nilsen.

Saga ut isblokker frå isen på sjøen

Isblokkene er saga ut med motorsag frå isen på sjøen. Sidan blokkene blei tekne ut på ulike tidspunkt, vart det utfordrande for kameratane å forme isen riktig.

Isen som først var 20 cm tjukk, hadde etter kvart blitt 50 cm.

Isblokk

ISBLOKKER: Det var ei utfordring å forme isblokkene riktig. Kameratane bygde isigloen over fleire etappar, og temperaturen endra seg.

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

Men det er likevel eit solid byggverk.

– Heile igloen er klink is. Når det er temperaturforandringar slår isen sprekker gjennom heile igloen. Det er som ein heil konstruksjon, fortel Østby Nilsen.

100 timar med arbeid

Mellom isblokkene har dei blanda snø og vatn til tyntflytande slaps, for å få det til å fryse fast. Det var meir arbeid enn karane trudde.

Isiglo - Byggeprosess

TUNGT ARBEID: Det er tungt å frakte isblokker når ein skal bygge ein isiglo.

Foto: Fjellguiden Tydal
Isiglo - Byggeprosess

ISBLOKKER: Kameratane frå Tydal brukte motorsag til å sage ut isblokker til igloen.

Foto: Fjellguiden Tydal
Isiglo - Byggeprosess

100 TIMAR: Det gjekk med om lag 100 arbeidstimar på å få ferdig igloen.

Foto: Fjellguiden Tydal
Isiglo - Byggeprosess

MILDVÊR: Varmare temperaturar førte til at arbeidet med igloen blei sett på vent.

Isiglo - Byggeprosess

SNART I MÅL: Ein lang arbeidsdag i Tydal er over.

– Vi har hatt med oss gode hjelparar også. Det var mykje jobb, vedgår kameraten Flemming Lunden.

Han anslår at dei totalt brukte om lag 100 timar på byggverket – fordelt på fem etappar.

Kameratane meiner igloen er ein fin plass å søke tilflukt når det er mykje vind og kaldt ute.

Vil leige ut igloar til overnattingsgjester

Isfiske på Essandsjøen har lange tradisjonar. Det er eitt av dei mest fiskerike vatna i Noreg. Innsjøen vert rekna som eitt av Nord-Europa sine rikaste vatn på fisken røye, men der er også aure.

Ein del av planen er at ein skal kunne sitte lunt inne i igloen og prøve isfiskelukka.

Men duoen har også større planar.

Østby Nilsen og familien driv reiselivsbedrifta Fjellguiden Tydal, som satsar på naturopplevingar.

Isiglo, Tydal, Trøndelag

VENNINNER: Lars Østby Nilsen si dotter, Rikke, og venninna Hedvig inne i isigloen.

Foto: Fjellguiden Tydal

Dei har allereie sett opp ein lavvocamp i området for å ta i mot turistar og firmagrupper.

Neste vinter vurderer tydalingane å leige ut igloar for overnatting.

– Då er planen å satse kommersielt. Vi kan sette opp fleire igloar, og kanskje leige dei ut til overnattingssgjester, håpar Østby Nilsen.

– Unike overnattingar er ein trend

Mange har latt seg imponere over isigloen i Tydal. Far til Lars, Ketil Østby Nilsen, har funne seg godt til rette inne i igloen.

– Det er heilt utruleg. Dette er det første byggverket av ein sånn karakter her i Tydal. Majestetisk!

Også Kjersti Greger, som er marknads- og kommunikasjonssjef i Trøndelag Reiseliv, rosar initiativet til trønderane.

– Vi har sett ein tydeleg trend dei siste åra, der unike overnattingar har vore av dei mest populære søka på nett når det kjem til reiselivsopplevingar i Trøndelag og Noreg.

Ho trekker fram glasigloen i Verdal som eit godt døme. Denne var svært populær i 2020, og toppa internasjonale lister over spesielle stadar å overnatte på.

– Isigloane kan bli eit unikt tilskot til dei som ynskjer ei annleis overnattingsoppleving, av det meir ekstreme slaget. Dette vil absolutt skilje seg ut som ein eigen nisje for den eventyrlystne målgruppa.

Sjå TV-saka her:

Nå kan kameratene sitte lunt mens de prøver isfiskelykken på Essandsjøen.