NRK Meny
Normal

I dag startar rettssaka mot 19-åringen som tente på Kieglekroa

Mannen er tiltalt etter den såkalla mordbrannparagrafen, som har ei strafferamme på mellom to og 21 års fengsel.

kieglekroa

Brannen gjorde stor skade. Verdiar for meir enn 20 millionar kroner gjekk tapt i brannen.

Foto: Morten Andersen / NRK

Han er tiltalt for å ha forårsaka ein brann som lett kunne ha ført til tap av menneskeliv og utstrakt øydelegging av framand eigedom.

19-åringen er også tiltalt for grovt skadeverk på andre sin eigedom, som kunne ha ført til tap av liv. Han møter i dag i Sør-Trøndelag Tingrett.

– Han er tiltalt for brot på paragraf 148 i straffeloven, som går på det å stifte ein brann som kan sette liv i fare eller medføre betydeleg skade på eigedom, sa statsadvokat Unni Sandøy ved Trøndelag statsadvokatembeter til NRK tidlegare i juni.

Kieglekroa

19-åringen er tiltalt etter mordbrannparagrafen, som har ei strafferamme på mellom to og 21 års fengsel.

Foto: Henrik Sundgård / NRK

20 millionar

Rundt 100 personar vart evakuert frå bygardane i nærleiken då det braut ut brann i Kieglekroa i Trondheim tidleg på morgonen 5. desember i fjor. Brannvesenet vart møtt av eit flammehav og jobba lenge før dei fekk kontroll over brannen.

Det vart raskt slått fast at brannen starta på utsida av Trondheims eldste pub, og at den mest sannsynleg var påsatt. Skadeomfanget etter brannen var stort. Verdiar for meir enn 20 millionar kroner gjekk tapt etter brannen.

Brannen i Trondheim

Brannmannskapa i full gang med sløkking av brannen 5.desember 2014.

Foto: HENRIK SUNDGAARD

Ingen personar vart skadd i brannen, men puben ligg i nærleiken av eit hotell og brannvesenet var redd for at den skulle spreie seg til trehusbegygginga like ved.

Snapchat

Den tiltalte vart sett ved puben, og delte også fleire videoar av brannen på Snapchat, ein av dei med teksten «Lage brann i byn æ sjø». I eit avhøyr med politiet 8. januar tilsto 19-åringen at han var den som starta brannen.

Ein brannsakkyndig- og en rettspsykiatrisk rapport vart utarbeidd og oversendt statsadvokaten i Trondheim saman med saka.

kieglekroa
Foto: Jøte Toftaker / NRK

– Saka er beramma til behandling i Sør-Trøndelag tingrett frå mandag 22. juni. Det er sett av tre dagar til behandling av saka, sa statsadvokat Unni Sandøy tidlegare i juni.