Hopp til innhold

Historisk NTNU-satsing

Ny Nanolab er den største investeringa universitetet har gjort.

Hovedbygget til NTNU på Gløshaugen
Foto: Tor Beisvåg

- Dette er ei glimrande investering. Det har vore veldig modig av NTNU. Her har dei verkelig satsa stort, og det fortener dei honnør for, seier dekan ved MatNat ved Universitetet i Oslo Knut Fægri.

Atomnivå

Storleiken på forskingsobjekta er så liten at den ikkje ein gong lar seg tenkje. No skal NTNU satse på det som hender på atomært nivå. Laben skal gi kunnskap til å framstille nye strukturar heilt ned på atomnivå.

So langt har NTNU inverstert 140 millionar kroner i Nanolaben. Men den samla kostnaden vert 300 millionar. Det er den største satsinga NTNU nokon gong har gjort.

Nye moglegheiter

- Det gir forskarane moglegheita til å gjere forsking på ein skala som er relevant. For mannen i gata betyr at vi verkelig kan byggje eit kunnskapsbasert samfunn, seier daglig leiar ved NTNU NanoLab Erik Wahlstrøm.

Han trur denne forskinga kan auke verdiskapinga i Noreg.

Kva universitetet kan vente seg av forskingsgjennombrot er det ingen som veit. Men alle reknar med at laben vert ei kjelde til framtidig kunnskap og industriutvikling.

Sjå saka her