Rundt førti tusen personer pustar i følge Miljøavdelingen i Trondheim kommune inn helsefarleg luft. Hovudkjelda til svevestøvet i lufta er biltrafikk. Tore Berg ved Miljøavdelingen påpeikar kor farleg luftforurening kan vere:
- I verste fall kan det jo vere dødleg både på kort og lang sikt.
Lufta i Trondheim inneheld store mengdar svevestøv.
Langt over grensa
SFT har sett som mål at det ikkje skal vere meir enn femti mikrogram svevestøv i lufta. I dag, 11.november, er det seks gongar meir svevestøv i Trondheimslufta enn denne øvre grensa. November er ein av dei verste månadane for luftkvaliteten i Trondheim. Berg meiner kommunen gjer mykje for at lufta skal bli betre:
- Vi har allereie innført piggdekkgebyr. Det har gitt den effekten at stadig fleire køyrer piggfritt. I tillegg har vi ein del støvdempande tiltak.
Trondheim er verst
Trondheim er den byen i Noreg med mest svevestøv i lufta. Luftkvaliteten har samanheng med den totale mengda utslepp frå vedomnar, biltrafikk og industri. Men det viktigaste for luftkvaliteten er klima, sier Berg:
- Dei dagane vi måler dei høgaste verdiane i Trondheim er i piggdekksesongen når det er godvêr og berre tørre vegar.