Gravemaskinførar omkom

Føraren av gravemaskina som hamna i Rungstadvatnet like nord for Steinkjer, døydde i ettermiddag av skadene han fekk etter om lag 40 minutt under vatn.

Gravemaskinulykke ved Rungstadvatnet

Gravemaskina tippa ned i Rungstadvatnet, og føraren låg under i 35-40 minutt.

Foto: Steinar Bardal

– Gravemaskina sklei ut i vatnet, fortel operasjonsleiar Stig Fredriksen i Nord-Trøndelag politidistrikt til NRK.

Han fekk melding om ulykka kl 7.30 søndag morgon, og alle nødetatar rykka ut. Dykkar og lege kom fram med luftambulanse frå Trondheim, og kl 8.10 skal sjåføren har blitt redda ut.

– Det var folk på staden som melde frå. Han var nok i vatnet i 35-40 minutt, seier Fredriksen.

Søndag ettermiddag vart det klart at femti år gamle Ståle Derås fra Steinkjer døydde av skadene.

Gravemaskin hamna i vatnet

Føraren heldt på med vegarbeid på ustabil grunn då ulykka skjedde.

Foto: Steinar Bardal

Får krisehjelp

Mannen heldt på med vegarbeid då ulykka skjedde. Kriseteamet i kommunen ble varsla.

– Dei følgjer opp familie og arbeidsgivar, seier Fredriksen.

Rådmann Torunn Austheim stadfestar at omsorgsteamet i Steinkjer har vore i kontakt med familien.

– Kommunen er parat til å stille opp om det trengs, seier Austheim.

Må stenge E6

Samtidig etterforskar politiet saka, blant anna med hjelp frå geoteknikarar i Statens vegvesen. Vegen vil bli førebels opna ca. 15.30 søndag ettermiddag, og så stenge igjen omlag klokka ti på kvelden.

– Politiet skal undersøke kva som har skjedd, og vi skal berge maskina. E6 forbi Rungstadvatnet nord for Steinkjer vil difor vere sperra ei god stund, seier politiet.

Omkøyring vil vere skilta i begge retningar.

– Skal ikkje skje

Olav Kåre Fuglem

Avdelingsdirektør Olav Kåre Fuglem i Statens vegvesen forstår ikkje korleis ulykka kan ha skjedd.

Foto: Håvard Zeiner / NRK

Statens vegvesen, som er byggherre for vegarbeidet i området, seier dei var klar over at det var ustabil grunn på staden.

– Arbeidet gjekk ut på å skifte ut grunnen under asfalten, og vi veit at det er dårlege grunnforhold der. Vi har gjort grundige risikovurderingar på førehand, så eg forstår ikkje korleis dette har skjedd, seier avdelingsdirektør Olav Kåre Fuglem til NRK.

Vegvesenet har i dag samla ein krisestab for å handtere hendinga. Sjåføren jobbar for ein entreprenør som var leigd inn til oppdraget.

– Det er forferdeleg at slike ting skjer. Det skal jo ikkje skje. Verst er det for dei pårørande, seier Fuglem.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.