Hopp til innhold

Førstemann til topps på Storsylen

– Eg var redd Niklas skulle ta meg igjen nedi bakkane her, men det gjekk. Det seier Andreas Dahlø Værnes, som vann motbakkeløpet Storsylen opp i dag.

Andreas Dahlø Værnes

Andreas Dahlø Værnes var raskast opp til toppen av Storsylen i dag, og var sjølv overaska over kor god tida vart.

Foto: Petter Moen Nilsen/NRK

Skiskyttaren var førstemann på den 1762 meter høge toppen i dag, med langrennsløpar Niklas Dyrhaug på andreplass.

– Eg høyrde frå publikum ved løypa at Niklas var i ferd med å nærma seg, så det var veldig tett på toppen her ja, seier Andres Dahlø Værnes, som sjølv er overraska over kor bra tida vart.

– Eg starta veldig hardt og knuste tida mi frå 2013, siste gongen eg sprang. Men eg trur forholda var betre i år enn då, det hjelper på.

Ser bra ut

– Så dette ser bra ut til vinteren?

– Ja, det gjer det, eg føler meg bra i rute no. Eg håpar eg får halde meg frisk og rask gjennom hausten og får trent solid. Då trur eg det kan bli ein veldig bra sesong, seier skiskyttaren frå Kvål i Sør-Trøndelag.

Storsylen opp presenterer seg som «Norges råeste motbakkeløp». Det går frå Nedalshytta og i ei 11 km lang løype til toppen av Storsylen. Det utgjer 1000 høgdemeter stigning.

Niklas Dyrhaug er også godt nøgd, sjølv om han denne gongen måtte ta til takke med andreplass.

Kokt hummer

– Ja, det er åttende gongen eg spring no, og når eg greier å perse så er eg veldig fornøyd med det. Eg hadde eit håp om å ta igjen Andreas på slutten her, men eg var som ein kokt hummer nedi bakken, så eg måtte berre karre meg opp, seier Dyrhaug, som kom rett frå samling - med to økter i går og «1000-meter-økt» opp på Storsylen i dag.

Niklas Dyrhaug (t.v.) Johannes Høsflot Klæbo tok Storsylen opp som ei hardøkt i dag.
Foto: Petter Moen Nilsen / NRK

– Det passe bra det, vi er midt i ein hard treningsperiode. Og for min del er det så artig å kome heim og sjå på den fine stemninga oppi her og kor mange som bryt barrierar og spring opp på Storsylen, seier tydalingen Niklas Dyrhaug.

Fullt køyr med trening

Etter premieutdelinga i dag drar han og Johannes Høsflot Klæbo tilbake til Meråker for fullt køyr med trening nokre dagar til.

Også Høsflot Klæbo var fornøyd i dag, og sette personleg rekord når det gjeld tida.

– Eg har hengt på Niklas Dyrhaug i fleire dagar på trening no, og syns eigentleg eg greidde det bra her. Det var brutalt hardt opp til toppen. Det var ein krig, men ei kjempeøkt å få med seg.

– Formen er i anmarsj?

– Ja, i alle fall stigande. No må vi berre gjere ting rett i månadene som kjem og satse på at det blir bra til vinteren, seier den Johannes Høsflot Klæbo.