Hopp til innhold

Fødsel under pandemi: Marlene (25) føler ho blei frårøva den største opplevinga i livet

FRØYA (NRK): Det er fem månadar sidan Tora Nikoline kom til verda – midt under ein pandemi. Mor Marlene (25) kjenner framleis på sorg og sinne.

Marlene Greiff og Tora Nikoline Greiff Adolfsen

FØDSEL I KRISETID: Tora Nikoline kom til verda 3. mai. Mor Marlene (25) slit framleis med følelsane etter den tøffe tida på sjukehuset under koronanedstenginga.

Foto: Kristine S. Nordhammer

– Det er veldig sårt å tenke tilbake på heile opplevinga med fødselen. Akkurat no kjenner eg på at sjukehuset er den siste staden i heile verda eg vil vere. Eg følte at eg var på eit samleband, rett og slett.

Fem månader har gått sidan fødselen til Marlene Greiff (25).

Vi møter ho heime på Frøya – eit øyrike ytst i havgapet i Trøndelag. Øykommunane Hitra og Frøya opplever «babyboom» i år. Berre på Frøya er det venta 70 barn i løpet av 2020.

Dottera Tora Nikoline er lyspunktet i kvardagen til Marlene. Men sjokket og følelsane ho kjenner på etter fødselen og tida på sjukehuset har enno ikkje lagt seg. Heller tvert imot.

– Eg føler eg blei frårøva det som skulle bli den største og finaste opplevinga i livet.

Tora Nikoline Greiff Adolfsen

HEIME PÅ FRØYA: – Vesle Tora Nikoline er lyspunktet i kvardagen min, seier mor.

Foto: Marita Solheim / NRK

Å føde under ein pandemi

Som førstegongsfødande var Marlene ekstra uroleg for fødselen. Men då Noreg stengde ned på grunn av pandemien, eskalerte bekymringa hennar betrakteleg.

– Det var ganske heftig. Eg hugsar godt den 12. mars då nedstenginga kom. Då var eg på svangerskapskontroll hos kommunejordmora og vi snakka litt om kva eg tenkte om å føde under ein pandemi. Eg kjende allereie då at «dette vil eg ikkje gjennom.»

Ho hadde fleire samanbrot i tida før fødselen, og då var sambuaren Frode ei god støtte. Det var derfor ekstra sårt for Marlene at besøksrestriksjonane førte til at han ikkje kunne vere på sjukehuset heile tida.

– Det var hardt. Du sit og håpar at dei skal losne litt på restriksjonane slik at du får vere med. Det var viktig å ha det håpet, seier sambuaren.

Familien Greiff Adolfsen

FAMILIEN: Far Frode Adolfsen håpte i det lengste at myndigheitene skulle opne opp for at fedrar i større grad kunne vere til stades på fødeavdelinga.

Foto: Marita Solheim / NRK

Dramatisk fødsel

Fredag 1. mai vart Marlene lagt inn på St. Olavs hospital i Trondheim.

To dagar seinare kom vesle Tora Nikoline til verda.

Og to dagar etter fødselen trygla Marlene om å få reise heim.

– Eg ser tilbake på fødselen som sorgfylt fordi eg var aleine frå eg blei skriven inn på sjukehuset, og fram til eg reiste heim omtrent. Etter fødselen var eg utan babyen og sambuaren min i fem timar, fortel ho.

Årsaka var at Marlene måtte gjennom eit hastekeisarsnitt fordi babyen låg feil veg. Ho hadde fått valet mellom vanleg fødsel eller planlagt keisarsnitt, men ho ville prøve å føde vanleg. Det gjekk ikkje, då pulsen til babyen sank drastisk på veg ut.

– Eg visste at dersom fødselen gjekk ganske normalt føre seg, kunne eg få komme heim ganske raskt.

Tora Nikoline Greiff Adolfsen

NYFØDD: Her er Tora Nikoline på St. Olavs hospital nokre timar etter fødselen.

Foto: Privat

Slik gjekk det altså ikkje. Marlene gjekk glipp av den første, viktige stunda saman med babyen. Far fekk derimot aleinetid med si nyfødde dotter, men berre halvannan time med Marlene.

– Han rakk så vidt å ete frukost saman med oss, og så fekk han beskjed om at han måtte reise heim.

Følte seg heilt aleine på sjukehuset

Marlene er lei seg fordi ho ikkje fekk vere i lag med sambuaren i tida før og etter fødselen.

Eg var førstegongsfødande og situasjonen var heilt ny. Uavhengig om det var pandemi eller ikkje, hadde det vore veldig godt å ha sambuaren min der. Eg hadde hatt behov for støtte i timane før keisarsnittet, og ikkje minst etterpå.

Det var få folk på jobb. Ikkje berre fordi det var helg, men på grunn av eit generelt bemanningsproblem, som blei ekstra utfordrande under pandemien.

– Eg fekk beskjed av personalet at dei hadde det så travelt at dei ikkje hadde tid til å vere på rommet. Dei var berre innom med måltida. Dei gjorde det som fungerte best for personalet, og ikkje for dei fødande.

Tora Nikoline Greiff Adolfsen og Marlene Greiff

MOR OG DOTTER: Marlene Greiff (25) saman med dottera Tora Nikoline (5 mnd)

Foto: Marita Solheim / NRK

25-åringen reiste heim tidlegare fordi ho ikkje følte seg godt nok ivaretatt på sjukehuset.

– Eg følte ikkje at eg fekk den omsorga som dei skilta med i starten. Dei forsvarte å stenge ute fedrane med at dei har godt personale, som er flinke til å ta vare på mødrene. Dei svikta veldig der, meiner Marlene.

Ho trur ikkje det ville utgjort større smitterisiko om sambuaren var med. Dei bur trass alt saman. I ettertid har ho møtt fleire folk i helsevesenet som ikkje forstår kvifor fedrar blei stengt ute frå fødeavdelinga.

– Det vart sårt då eg var igjen på sjukehuset aleine. Det var meir sorg enn glede over heile opphaldet, fastslår ho.

St. Olavs: – Ikkje villige til å ta risikoen

Klinikksjef ved Kvinneklinikken på St. Olavs hospital, Kjell Åsmund Salvesen, synest det er leit å høyre om Marlene si oppleving ved sjukehuset. Han forstår at mange som har fødd under pandemien synest det har vore ekstra belastande.

Vi har stor forståing for at besøksrestriksjonane rammar mange, og det beklagar vi. Samstundes må vi tenke på at viss vi får smitte inn på sjukehuset, må vi kanskje stenge heile fødeavdelinga, og dei konsekvensane er vi ikkje villige til å ta, fastslår han.

Klinikksjef ved Kvinneklinikken ved St. Olavs hospital, Kjell Åsmund Salvesen

KLINIKKSJEF: Kjell Åsmund Salvesen er klinikksjef ved Kvinneklinikken på St. Olavs hospital. Han fortel at pandemien har gitt sjukehuset mange utfordringar.

Foto: Marita Solheim / NRK

Han fortel at koronapandemien har gitt dei utfordringar. Den har vore ei belastning for personalet på fødeavdelinga som har fått fleire og nye arbeidsoppgåver det siste halvåret.

– Jordmødre er ein mangelressurs i Noreg, og vi har hatt utfordringar med å ha god nok bemanning. Spesielt når koronakrisa kom på toppen av det heile. I tillegg har vi ved vår fødeavdeling hatt eit relativt høgt sjukefråver, fortel han.

Saknar betre oppfølging etter fødselen

Tilbake på Frøya slit Marlene no med separasjonsangst, fordi ho blei liggande lenge aleine etter fødselen.

– Eg har veldig store problem med å la andre passe henne. Det er berre dei nærmaste som får lov. Eg har behov for eigentid, men klarer ikkje å gje slepp. Tre gonger etter fødselen har eg vore utan ho, og det var berre snakk om nokre få timar.

Tora Nikoline (5 mnd)

BLID SOM EI SOL: Tora Nikoline har blitt 5 månadar og er familiens storsjarmør.

Foto: Privat

25-åringen saknar betre oppfølging i ettertid.

– Det har ikkje vore noko tilbod om samtalar i forbindelse med det som skjedde. Det burde eg fått når situasjonen var som den var.

Ho held fram:

– Det er mange som har snakka om opplevinga av å vere aleine til trass for at fødselen deira har vore normal, utan særlege komplikasjonar. Det er ikkje ei unik historie eg har.

Jordmorforbundet: – Unødvendig strenge besøksreglar

Det same seier Jordmorforbundet, som meiner historia til Marlene tydeleg viser konsekvensane av kutt i fødetilbodet.

– Det er alvorleg når utfordringane med pandemien ikkje har blitt kompensert med auka jordmorbemanning, seier leiar i Jordmorforbundet, Hanne Charlotte Schjelderup.

Jordmorforbundet har sendt brev til FHI og Helsedirektoratet der dei ber om felles nasjonale retningslinjer for far eller partnar på fødeavdelinga under pandemien.

– Vi har stilt spørsmål til myndigheitene om det er unødvendig strenge smittevernreglar på fødeavdelinga. Dei som lever saman har ofte same smittestatus. Vi har sett spørsmålsteikn ved om smittefaren aukar viss far får vere med under heile opphaldet.

Hanne Charlotte Schjelderup, leder i Jordmorforbundet.

JORDMORFORBUNDET: Leiar i Jordmorforbundet, Hanne Charlotte Schjelderup, ber FHI og Helsedirektoratet vurdere om det er for strenge smittevernreglar på fødeavdelingane.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

I vår var det ein markant auke i fødselsdepresjonar.

Schjelderup trur auken har ein klar samanheng med pandemien. Ho legg vekt på at mødre er i ein ekstra sårbar situasjon i krisetider.

– Å vere gravid og bli foreldre er ein enorm omstillingsprosess både fysisk og psykisk. Det gir ofte ein auka psykisk sårbarheit. Det er utfordrande under normale høve, og det blir jo endå vanskelegare midt under ein global pandemi.

Delte tankane sine på Instagram

Marlene føler terskelen for å be om hjelp blir høgare og høgare.

– Eg møter folk som seier at eg ikkje må tenke noko meir over dette. Det blir så bagatellisert. Følelsane sit godt i kroppen, seier ho.

Ho valde å dele tankane om fødselen og tida etterpå på Instagram.

– Det rann rett og slett over. Det at dei har så bra personale, og at du blir godt ivaretatt på fødeavdelinga, stemmer ikkje i det heile tatt.