Jordmorforbundet reagerer på ulik fødepraksis – slik er reglane på ditt sjukehus

(NRK) ÅLESUND: Smittevernreglar gjer at Michael Slydahl ikkje får vere saman med Elin og babyen etter fødselen. Andre stadar får partnarar overnatte på sjukehuset.

Oppgitt over Helse Møre og Romsdal sine strenge reglar for dei som skal føde.

GRUAR SEG: Elin Lorgen gruar seg til ho skal føde for første gang. Den komande faren, Michael Slydal (27), meiner det er urettferdig med så strenge reglar.

Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

I eitt kvitt rekkehus bur Elin Lorgen (25) og sambuaren Michael Slydal (27). Dei ventar sitt første barn, men ventetida vore vanskelegare enn dei hadde sett for seg.

– Det har skapt mykje frustrasjon og angst, seier ho.

Elin skulle gjerne ha hatt med seg sambuaren gjennom heile prosessen rundt graviditeten, men det får ho ikkje. På grunn av frykta for spreiing av koronasmitte er reglane ved sjukehusa når det gjeld besøkande før, under og etter fødsel framleis strenge.

– Eg meiner det er urettferdig at Helse Møre og Romsdal skal ha så strenge retningslinjer i forhold til dei andre sjukehusa. Spesielt når det er så lite smitte som det er no.

Dei ventar barn i midten av juli. Ho må vere på sjukehuset aleine fram til fødselen er aktiv. Michael får vere med på sjølve fødselen, men må reise heim etterpå. Så kan han komme tilbake på besøk.

– Eg meiner sambuaren min er like stor smitterisiko om han er der i to timar eller åtte timar, seier Eline.

Også Helsedirektoratet meiner at fødsel og barseltid er blant tilfella der det vil vere særleg viktig å legge til rette for at ein får ha med sin næraste.

Slik det er no, så tenker eg at eg vil berre komme meg ut av sjukehuset så fort som mogleg. Og det er ikkje slik det skal vere, seier ho.

Ulike reglar over heile landet

NRK har sett gjennom reglane for partnarar ved fødeavdelingar i alle helseføretakta i landet. Det er store variasjonar i kor strenge sjukehusa er med besøk.

I Sykehuset Telemark kan til dømes partnar vere med både før, under og etter fødselen. Vedkommande får også tilbod om å overnatte der ei natt om det er plass.

I Helse Møre og Romsdal er praksisen mykje strengare. Der får ikkje partnar vere med før fødselen er aktiv. Og partnar har besøkstid mellom klokka 18 og 20 etter fødselen.

Dette reagerer dei komande foreldra på. Dei håper Helse Møre og Romsdal vil opne meir opp.

– Eg ønskjer å vere til stades og bli kjent med sonen min frå starten av. Det får eg ikkje no, seier Michael Slydal. Han meiner han utgjer ein like stor smitterisiko som dei som arbeider på sjukehuset. Han forstår ikkje kvifor det er så strenge reglar.

Reagerer på ulik praksis

Jordmorforbundet meiner det ikkje er logisk at det er så mange forskjellige retningslinjer på sjukehusa i Noreg.

Hanne Charlotte Schjeldrup

REAGERER: Jordmorforbundet reagerer på at det er så ulik praksis blant fødande i Noreg.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

– Vi meiner det bør bli lagt til rette for at partnar kan vere med så mykje som mogleg, samstundes som ein tek nødvendige smitteverntiltak, seier leiar i jordmorforbundet, Hanne Charlotte Schjelderup.

Forbundet ønskjer at det skal komme retningslinjer som helseføretaka kan følgje. Dei peikar på at far eller medmor har behov for knytte seg til barnet sitt så tidleg som mogleg.

– Det er viktige prosessar vi ikkje skal forstyrre med for strenge reglar, seier ho.

Ho peiker også på at far eller medmor kan verke smittehindrande fordi dei kan ta seg av den nærkontakten mor har behov for, i staden for helsepersonell.

– Fødsel er noko som skjer berre få gonger i løpet av eit liv. Den fødande har eit stort behov for støtte gjennom fødselen også. Derfor er det mange som er veldig sterkt engasjert i denne saka her, også vi i jordmorforbundet.

Beklagar bekymringane det fører med

Helse Møre og Romsdal seier dei har stor forståing for at partnar ønskjer å vere meir saman både før, under og etter fødsel.

Janita Skogeng

BEKLAGAR: Klinikksjef for klinikk for kvinner, barn og ungdom, Janita Skogeng, forstår at mange gravide er bekymra for situasjonen.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Den viktigaste årsaka til restriksjonane er på grunn av frykta for at eit smitteutbrot kan føre til at tilsette blir sett i karantene, og at ein må stenge ned fødetilbodet, seier konstituert klinikksjef, Janita Skogeng.

Ho seier at besøkstida er sett ut ifrå når avdelingane kan halde best oversikt over talet på besøkande.

Status Norge

Sist oppdatert: 11.08.2020
350
Siste uke
15
Innlagt
256
Døde