Smitteutbrot i Stjørdal: Stengjer idrettshallar og ber folk om å bruke munnbind

Fleire personar er smitta etter fleire store festar med over tjue personar i Stjørdal i påska. No innfører kommunen fleire tiltak for å få kontroll.

Ordførar i Stjørdal kommune Ivar Vigdenes.

STRAMMAR INN: Ordførar Ivar Vigdenes ber folk følgje strengare reglar i kommunen for å få bukt med koronasmitten.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Ordførar Ivar Vigdenes, kommuneoverlege Leif Vonen og assisterande kommunedirektør Tore Rømo held pressekonferanse om smittesituasjonen i Stjørdal kommune klokka 14.

– Vi har ein uavklart smittesituasjon med det vi trur er det engelske mutantviruset, seier ordførar Ivar Vigdenes i starten av pressekonferansen.

Nye tiltak

  • Kommunen ber alle ta aleinehelg og unngå sosial kontakt på tvers av husstandar innandørs til og med tysdag.
  • Ber om at alle sosiale-, idretts- og kulturarrangement blir avlyst til og med tysdag.
  • Kulturhuset Kimen, symjehallar, idrettshallar og alle kommunale hus blir stengt til og med tysdag.
  • Alle over 12 år blir bedt om å bruke munnbind innandørs utanfor eigen heim der ein ikkje klarer å halde to meter avstand.
  • Alle som har dei minste symptom blir bedt om å teste seg med det same.

– Dette utbrotet kunne vore stoppa om folk hadde testa seg raskare, understrekar Vigdenes.

Stjørdal kommune

FLEIRE UNGE SMITTA: 6 personar har testa positivt etter eit koronautbrot blant unge i Stjørdal.

Foto: Espen Sandmo/NRK

Held tilbake informasjon

Ifølgje ordføraren har kommunen fått tips om at ikkje alle seier det dei veit.

– Det har komme oss for øyret at nokon, i uvisst omfang, kan halde tilbake informasjon om nærkontaktar og kvar dei har vore. Dette i frykt for å få bøter, seier Vigdenes.

Han understrekar at om folk er ærlege og melder frå om slike tilhøve, vil dei ikkje bli straffa.

– Men om kommunen oppdagar at folk har halde tilbake informasjon i ettertid, vil det bli vurdert reaksjonar.

Før jul hadde kommunen eit tilsvarande utbrot etter festing.

– Vi kjenner igjen historia frå jula – då var det òg fleire dagar på rad med festing. Då fekk vi eit skikkeleg utbrot. Dette er ikkje dei same folka frå jula – desse er litt yngre. Men det er samanliknbart på den måten at dei veit at dei ikkje burde ha gjort det, men dei gjer det likevel, seier kommuneoverlege Leif Vonen.

Opptil 30 nærkontaktar

Rundt 70 personar tidleg i tjueåra har hamna midt i eit utbrot med koronasmitte i Stjørdal. Torsdag hadde seks personar tidleg i tjueåra testa positivt. Fredag fekk kommunen melding om ytterlegare eitt smittetilfelle.

Nokre av personane har hatt opptil 30 nærkontaktar gjennom påskehelga.

– Nærmare 500 personar er no i karantene. Dei fleste av desse er i ventekarantene, seier kommuneoverlege Leif Vonen.

Kommunen oppdaga utbrotet på torsdag.

– Sporingsteamet jobbar no med høgt tempo. Vi har kalla inn det vi har av ekstra mannskap for å finne smittevegane vidare. Vi får kartlagt fleire og fleire tilfelle, sa Vonen på pressekonferansen.

Kommuneoverlegen fortel at mange unge frå ulike miljø har samla seg på festar av varierande storleik i kommunen i påskehelga.

– Spesielt det med store festar med over tjue personar synest eg er ein ureieleg praksis, som er veldig i strid med det vi ønskjer at folk skal gjere no, seier Vonen.

Kommuneoverlege Leif Vonen

Kommuneoverlege Leif Vonen.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

Ventar fleire positive svar

Ingen av dei unge har blitt alvorleg sjuke, men fleire av dei involverte har no symptom på luftvegsinfeksjon eller feber. Kommunen ventar difor at talet på positive prøvesvar vil auke.

– Nokon har hatt symptom i fleire dagar utan å teste seg. Eg vil oppfordre alle til å vere kjappare å teste seg, sjølv om dei berre er litt forkjølt, seier Vonen.

Han minner om at det ikkje er tilrådd å ha besøk av meir enn to personar av gongen og unngå samlingar av folk i Noreg no.

Dagleg har mellom 30 og 50 personar testa seg i Stjørdal i det siste. I dag skal kommunen teste over 200 personar, opplyser Vonen.

Store utfordringar

I går testa sju personar positivt i kommunen.

– Det gir store utfordringar mellom anna i skulane og andre verksemder. Og mange må jobbe ekstra med smittesporing og testing gjennom kommande helg, i staden for å ha fri, skriv kommunen.

Fredag morgon sa kommunelege Leif Vonen at dei hadde god kontroll over smittevegane og at han ikkje hadde anbefalt nye tiltak for å slå ned smitten.

– Eg har ikkje anbefalt nye tiltak no sidan det er så kontrollert og tydelege mønster i smittevegen her. Vi tar nye vurderingar fortløpande, men slik som situasjonen er no er det ikkje behov for strengare tiltak, sa Vonen.

I nabokommunen Malvik er over 100 elevar og tilsette ved Hommelvik skole og Malvik i ventekarantene på grunn av smitten blant ungdommar i Stjørdal i påska.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 13.06.2021
1 038
Smittede siste 7 dager
47
Innlagte
789
Døde
1 929 544
Vaksinerte