Steinkjer stengjer ned: Innfører raudt nivå på skular og barnehagar

Steinkjer kommune innfører strenge tiltak for å få bukt med smitteutbrotet i kommunen. Det blir raudt nivå på alle skular og barnehagar. Det blir også forbod mot arrangement innandørs og utandørs.

 kommuneoverlege Sunniva Rognerud.

NYE TILTAK: Kommuneoverlege Sunniva Rognerud innfører mellom anna forbod mot alle arrangement og påbod om munnbind i Steinkjer.

Foto: Vegard Woll / NRK

16 personar registrert smitta i Steinkjer dei to siste dagane. Kommunen trur talet vil stige dei neste dagane.

– Det er vanskeleg å seie kor mange, men vi forventar fleire smittetilfelle dei neste dagane, seier kommuneoverlege Sunniva Rognerud.

– Vi har bra kapasitet på testing og sporing, seier ordførar Anne Berit Lein (Sp).

Steinkjer stenger ned: Innfører rødt nivå på skoler og barnehager.

Steinkjer stenger ned: Innfører rødt nivå på skoler og barnehager.

Ho har invitert nabokommunane til eit møte seinare i dag for å diskutere korleis dei skal hindre spreiing av smitte frå Steinkjer.

Kommuneoverlegen har no med heimel frå kommunestyret innført ei rekkje tiltak for å få kontroll over smitten.

– Situasjonen har truleg blomstra over påske og no skal vi gjere alt vi kan for å stoppe det, seier Rognerud.

Steinkjer kommune innfører derfor fleire nye tiltak i dag, med verknad frå klokka 16 i dag. Forskrifta kan vare i 14 dagar, men kan endrast før det om dei får kontroll på smitten.

Nye tiltak:

  • Det vert forbod mot alle arrangement. Med unntak av gravferder og bisettingar med inntil 30 personar.
  • Treningssenter og anna innandørs aktivitet blir forbode.
  • Utandørs aktivitet følgjer nasjonal føresegn.
  • Kommunen innfører raudt nivå i skular og barnehagar.
  • Det vert påbod om munnbind i situasjonar der det ikkje er mogleg å halde to meter. Til dømes på butikkar.

Raudt nivå i skular og barnehagar betyr mellom anna større grad av heimeundervisning i skulane. Les meir om kva raudt nivå betyr på regjeringa sine nettsider.

Kommunedirektør Torun Austheim seier dei innfører desse tiltaka for å stoppe smitteauken før situasjonen vert meir alvorleg.

– Vi skjønner at det er eit inngripande tiltak, men vi gjer det for å vere førebyggjande.

Ho oppfordrar folk til å teste seg om dei får forkjølingssymptom.

– No må folk vere flinke. Test deg heller ein gong for mykje. Det er utruleg viktig at vi får tatt dei gode grepa så raskt som råd. Då får vi også fjerna dei strengaste tiltaka raskare, seier Austheim.

Har ikkje kontroll over smitten

15 personar er no dei to siste dagane registrert smitta av koronavirus i Steinkjer.

  • Torsdag morgon registrerte kommunen to nye smitta. Ei kvinne i alderen 18–65 år og ein gut under 18 år. To kohortar går no frå ventekarantene til karantene.
  • Klokka 12 torsdag opplyser kommuneoverlegen til NRK at ein person til er registrert smitta.
  • Onsdag registrerte kommunen 12 nye tilfelle av covid-19. Fem av dei smitta er nærkontaktar av to personar var registrert smitta tysdag. To av personane er mellom 18 og 65 år, medan resten var under 18.

– Minst fire av desse har ukjent smittekjelde, seier kommuneoverlege Sunniva Rognerud.

– Har de kontroll over smitten?

– Nei, det har vi dessverre ikkje, svarer kommuneoverlegen.

Over 1.500 personar er no ei form for karantene, opplyser kommunen til NRK.

Dei aller fleste av desse er i såkalla ventekarantene, som vil seie at du har vore i nærkontakt med ein som sit i smittekarantene.

Ordførar Anne Berit Lein fortel at kommunen i dag har tett kontakt både med FHI og statsforvaltaren om kva tiltak dei skal setje i verk for å få kontroll på smitten.

Ordførar Anne Berit Lein og kommuneoverlege Sunniva Rognerud i Steinkjer kommune.

HAR IKKJE KONTROLL: Ordførar Anne Berit Lein og kommuneoverlege Sunniva Rognerud i Steinkjer varslar strenge tiltak for å slå ned villsmitten i kommunen.

Foto: Vegard Woll / NRK

464 elevar i ventekarantene

– Alle elevane er i ventekarantene ut veka, årsaka er at vi ikkje har oversikt over smittesituasjonen og at fleire elevar no er definerte som nærkontaktar, seier rektor ved Steinkjer ungdomsskole Thomas Herstad til NRK.

Det var Trønder Avisa som første meldte om dette.

Det går 464 elevar på skulen. Skulen fekk beskjed om at alle elevane måtte gå i ventekarantene seint i går kveld.

Kohortar ved Steinkjer barneskole, Steinkjer vidaregåande skole, vaksenopplæringa i Steinkjer, Guldbergaunet førskole, samt Verdal vidaregåande skole, er også sat i ventekarantene som følgje av smitten, skriv TA.

– Ein elev er registrert smitta. Denne eleven har ikkje vore på skulen etter påske, legger han til. Vi er spente på kva prøveresultata vil vise. Om fleire er smitta, seier rektor Thomas Herstad til NRK.

Elevar med behov for ekstra tilrettelegging vil bli følgt opp av sosiallærar og hennar team, opplyser han.

– Vi vil opprette eit tilbod på skulen for nokre av elevane frå måndag av, seier rektoren.