Hopp til innhold

Ber folk i Stjørdal halde seg heime resten av jula

I Stjørdal skjerpar dei tiltaka etter at kommunen no opplever eit aukande smittetrykk. Ingen bør treffe folk utanfor sin eigen husstand.

Stjørdal kommune

STRAMMAR INN: Stjørdal kommune opplever eit stort smittetrykk i jula. No ber dei innbyggjarane om å bli heime.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

Stjørdal kommune nådde måndag ein ny smittetopp då 16 personar fekk påvist koronasmitte. Søndag testa ti personar i kommunen positivt på koronaviruset.

Mellom 100 og 200 personar er i karantene.

I ettermiddag heldt Stjørdal kommune pressekonferanse der dei informerte om smittesituasjonen i kommunen.

Stjørdal kommune innfører no strenge tiltak:

  • Kommunen ber om at resten av jula blir avlyst. Det vil seie at folk frå Stjørdal fram til 3. januar må unngå kontakt med folk frå andre husstandar.
  • Alle planlagde offentlege arrangement blir avlyste resten av julehøgtida. Serveringsstader, barar, konsertlokale, grendehus og kinoar skal halde stengt.
  • Fram mot 3. januar vil Stjørdal kommune gå i dialog med nabokommunar om samordna smitteverntiltak.

Må feire nyttår med eigen husstand

Frå 21. desember har Stjørdal hatt 35 positive testar. 19 av dei berre dei siste to døgna.

Ivar Vigdenes, ordførar i Stjørdal kommune

STERK OPPMODING: Ivar Vigdenes, ordførar i Stjørdal kommune, ber innbyggjarane om å halde seg heime resten av jula.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

Ordførar Ivar Vigdenes ber folk om å halde seg heime resten av jula, og ikkje ha kontakt med nokon utanfor sin eigen husstand.

– Vi ser no smitte i fleire uavhengige miljø, med fleire nærkontaktar – til dels ukjende, og med fleire ukjende smittekjelder enn tidlegare.

Summen av dette gjer at dei no innfører strenge anbefalingar og tiltak i kommunen.

– Uklokt med store samlingar i år

Kommuneoverlege Leif Edvard Muruvik Vonen er bekymra. Han skulle ynskje Stjørdal kommune ikkje måtte stenge ned.

– Det er ei tøff avgjerd. Vi har forsøkt å unngå dette, men vi har ikkje kontroll per i dag. Talet på positive testar er for høgt til at vi berre kan vente og sjå korleis det går, meiner han.

Kommuneoverlegen fortel at det er snakk om mange små smitteutbrot, og dei opplever at dei er litt på etterskot i smittesporinga.

– Vi er i ein situasjon der vi har fått ei spreiing vi kunne frykte, men som vi hadde håpa ikkje kom på denne måten her. Denne farlege sjukdommen har vi ikkje kontroll på no. Då må vi gjere tiltak som er strengare enn dei har vore så langt, seier han og held fram:

– Eg meiner det er uklokt å møtast på tvers av husstandar for familiesamlingar eller nyttårsfeiring i år.

Kommuneoverlege Leif Vonen

IKKJE KONTROLL: Kommuneoverlege Leif Edvard Muruvik Vonen i Stjørdal, fortel at dei ikkje har kontroll på smitteutbrotet akkurat no.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

Smitte i festmiljø

Trondheim nådde ein ny smittetopp då 64 personar testa positivt på koronaviruset søndag. Det er det høgaste talet registrert i Trondheim under pandemien.

I Trondheim er det eit festmiljø som står bak delar av smitten. Slik er det også i Stjørdal.

– Det er festmiljø som av ulike årsaker kan ha vanskeleg for å oppgje namn på nærkontaktar i smitteoppsporinga, fortel ordføraren.

Dei nye tiltaka er dei strengaste som er innført i Stjørdal kommune. Tidleg i november opplevde kommunen eit mindre smitteutbrot, og erfarte at innstrammingar av smitteverntiltak fungerte.

– Når stjørdalingane får oppmodingar gjer dei tilpassingar i eige liv, som resulterer i at vi kan få ned smitten. Det håpar vi på i dette tilfellet også, seier ordførar Vigdenes til NRK.

Trondheim vil vurdere tiltak tysdag

Kommunen ynskjer no å samarbeide med nabokommunane for å få kontroll på smitten. Frå 3. januar vil dei få på plass felles smitteverntiltak.

Nedstenginga av Stjørdal kan kanskje føre til at enkelte vil «flykte» over kommunegrensa, men i nabokommunen Trondheim er det foreløpig ingen planar om å innføre like tiltak.

– Vi skal tysdag halde møte for kommunane i Trondheimsregionen for å vurdere felles tiltak, men eg ser ikkje føre meg at vi gjer det same, skriv kommunedirektør i Trondheim, Morten Wolden til NRK.