Hopp til innhold

Firar til "Ligge i grønne enger"

NRKs bokmeldar Leif Ekle gir Anne B. Ragdes siste bok "Ligge i grønne enger" terningkast fire. 

- Om eg skulle gitt boka terningkast ville eg hamne på ein firar, mens Berlinerpoplene ville fått seks, seier bokmeldar Leif Ekle til NRK Trøndelag.

Les heile bokmeldinga: Ligge i grønne enger

Torunn Neshov er på garden til faren på Byneset, då han tek livet av seg inne i grisefjøset. Ho strevar med å halde fram med drifta og grisehaldet. Den nest eldste sonen på Neshov, Margido, er i full sving med å modernisere og utvide gravferdsbyrået i Trondheim.

Berlinerpoplene best

Berlinerpoplene
Foto: Trøndelag Teater

 I København ventar Erlend og Krumme barn med Jytte og Lizzi.

Dei planlegg ei storstilt ombygging av siloen på Neshov for å bruke garden som landstad.

Saman reiser dei to para til slektsgarden med sine framtidsplanar og ein eigen arkitekt.

- Anne B. Ragde burde nøydd seg med Berlinerpopolene, som var ei veldig god bok. Eg syns ikkje Eremittkrepsene var så bra, men eg syns den siste boka er eit nytt løft igjen. Den er ikkje like god som Berlinerpoplene, men når det først kom ei bok, så var det greit, seier Ekle.

Mystikken er tilbake

Bokmeldaren syns "Ligge i grønne enger" er mystisk og tek tilbake fleire av konfliktane som er kjent frå Berlinerpoplene og Eremittkrepsene.

- Heilskapen og magien som var i Berlinerpoplene blei flata ut i Eremittkrepsene. Men eg blei gledeleg tilfredstilt når eg fekk bok nummer tre og las slutten, seier Ekle. 

Godt språk

Han syns også at Anne B. Ragde skriv elegant og at den siste boka hennar er lett å lese og har den har det spennet som må til for at den skal bli verkeleg interessant.

- Det er imponerande at ein forfattar kan skrive tilnærma riksmål, men at eg likevel høyrer at dei snakkar trøndersk, seier Ekle.

"Ragde skriver fremdeles enkelt og leservennelig, og innimellom glimter hun til med gode menneskelige observasjoner. "

"Svært mange lesere vil elske "Ligge i grønne enger" fordi alle figurene beskrives akkurat slik vi kjenner dem fra før. "

Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen

Ikkje kommersiell

Berlinerpoplene

Heile familien Neshov samla på garden.

Foto: Trøndelag Teater

 Leif Ekle fortel at "Ligge i grønne enger" inneheld nokre overraskingar, men at det ikkje er det som pregar boka. 

- Denne boka er meir stilleståande og langsam enn dei to andre. Den er mykje mindre kommersiell enn bok nummer to og den er meir alvorleg og mørkare enn dei andre, og det syns eg er ein av styrkane, seier Ekle.

"At en av hovedpersonene dør, avsløres allerede på baksiden. Dermed er mye av spenningen tatt ut, og det er ikke mange cliffhangere, overraskende plotvrier eller andre tradisjonelle spenningselementer å finne i denne boken, fra en forfatter som ofte har vært omtalt som en durkdreven, proff underholdningsforteller."

Ane Farsethås, Dagens Næringsliv