Hopp til innhold

Fem unge personar sikta etter kidnapping i Trondheim

Ein mann i 20-åra skal framstillast for varetektsfengsling fredag ettermiddag.

– Han er siktet for ran, fridomsfråtaking, grov kroppskrenking og motarbeiding av rettsvesenet.

Det seier politiadvokat Sigrid Mediås Rygvold ved Trøndelag politidistrikt til Adresseavisen.

Totalt er fem personar sikta i saka.

– To av dei er lauslatne etter avhøyr. Dei er sikta for medverknad. Me er usikker på rollene deira, og har ikkje funne grunn til å framstille dei for varetektsfengsling, seier politiadvokaten til avisa.

Ho forklarar også at mannen i 20-åra har vore med på ein slåstkamp ved Leo's lekeland i Trondheim. I tillegg har han vore med på bortføring av ein son og ran av faren.