Onsdag i førre veke vart det gjort eit svært uvanleg funn ved Alstadhaug kirke i Levanger.
– Det er eit mysterium. Funnet var så spesielt, seier kyrkjetenar Ole Ronny Jørstad.
Då han og kyrkjegardsarbeidaren Kent Gunnar Solli skulle sage ned eit gammalt tre på kyrkjegarden, fann dei ein sylinderforma boks med teksten «tidskapsel» utanpå.
– Vi vart jo litt nysgjerrige. Eg tenkte: Oi! Kva er dette? Vi tok det med inn, og bestemte oss for at vi skulle sjå meir på det seinare.
Boksen inneheldt eit brev, smykke, ringar, klokker og fotografi.

SMYKKE: I boksen låg det fleire smykke og ringar, som er omtalt i brevet. – Smykkene ser ut som damesmykke frå 1950-1960-talet. Det er vel noko som har affeksjonsverdi for nokon, seier finnaren.
Foto: Tariq Alisubh / NRK
PORTRETT: Boksen inneheldt også eit foto printa ut på papir med teksten: «John Mathisen, born 1886, Skogn, Norway. And enclosed picture of his wife Karen Bakke, born 1887, Skogn, Norway.»
Foto: Tariq Alisubh / NRK
FOTOGRAFI: Det låg to fotografi i boksen. Mykje tyder på at den eine dama på dette biletet er Karen Bakke, som var nemnt på portrettet av John Mathisen.
Foto: Tariq Alisubh / NRKDå kona til Jørstad fekk høyre om mysteriet, anbefalte ho dei å gå vidare med det. Dei bestemte seg då for å finne ut kor boksen kjem frå, og om det er nokon som saknar innhaldet.
Det var nettstaden iLevanger som omtalte saka først.
– Ei veldig mystisk sak
Journalist i lokalavisa iLevanger, Svein Helge Falstad, skreiv om mysteriet. No er han på sporet av ei løysing.
– Det er veldig spennande. Det er ei type sak du sjeldan kjem bort i. Ei veldig mystisk sak.
Han har jobba med saka i nokre dagar. Falstad fortel at han har kome så langt at han ser enden på historia, men han har enno ikkje alle detaljane på plass.
– Eg var heldig med at det var så mange spor i denne boksen. Det er ikkje den vanskelegaste journalistiske saka eg har hatt. Men det er foreløpig hemmeleg, seier han.
PÅ SPORET: Journalist Svein Helge Falstad forsøker å løyse mysteriet med den mystiske boksen på kyrkjegarden i Levanger.
Foto: Tariq Alisubh / NRKBrev frå amerikanske slektningar
Jørstad håpar han får svar på kven som har lagt «tidskapselen» i treet, og kvifor vedkommande gjorde det.
– Det er spennande å sjå om vi klarer å finne ut noko. Eg trur ikkje boksen er så veldig gammal. Brevet er ganske moderne.
På boksen, som ser ut som ein tablettboks, står det «2018», så «tidskapselen» er nok ikkje så gammal som finnarane først trudde.
Namna Helen, Martin og Gertrud, og etternamna Mathisen og Bakke står påført med tusj.
Kyrkjegardsarbeidarane trur amerikanarane kan ha vore på kyrkjegarden i Levanger for å leite etter grava til ein slektning, og at dei plasserte boksen i treet – i håp om at nokon skulle finne den.
Jørstad har lest brevet, som er på engelsk. Han meiner det var vanskeleg å tolke.
– Det var ingen klar samanheng. Det var vanskeleg å forstå innhaldet. Slik eg tolka brevet, er det nokon som hadde det med seg frå Amerika.
FINNAREN: Kyrkjetenar Ole Ronny Jørstad fann «tidskapselen» saman med kollega Kent Gunnar Solli då dei skulle felle eit tre på kyrkjegarden.
Foto: Tariq Alisubh / NRKStort engasjement for å finne svar
Med ein gong historia kom ut på nett, begynte det å skje ting.
– Det var fleire som henvendte seg med det dei trur er delar av løysinga. Det var valdsamt med engasjement i kommentarfeltet. Eg fekk også kontakt med familien som er involvert, seier Falstad.
Han måtte leite langt unna Trøndelag. På andre sida av jorda faktisk. Men også på heimtraktene sine.
– Historia har gode forbindelsar til lokalmiljøet i Levanger. Når svaret kjem, er det folk frå Levanger som er med i saka, bekreftar han.
BREV: Brevet frå Amerika er til avsendaren sitt søskenbarn, og det fortel mellom anna om ein ferietur til Hawaii.
Foto: Tairq Alisubh / NRKNRK har sladda dei siste linjene i brevet fordi dei kan innehalde sensitive opplysningar.