Hopp til innhold

Eldre kan bli sengeliggande

Konsekvensane av streiken i kommunane er tydelege både i barnehagar, skular og på sjukeheimar.

Bolette Emilie Ulstad opplever lang ventetid på sjukeheimen. Det blir lange timar aleine på rommet.

Bolette Emilie Ulstad opplever lang ventetid på sjukeheimen. Det blir lange timar åleine på rommet.

Foto: Mari Langva / NRK

På E. C. Dahls sykehjem driv dei pleie med halvparten av dei tilsette i streik.

– I dag har eg venta og venta, seier ein av dei som bur der, Bolette Emilie Ulstad, til NRK.no.

Ho merkar streiken godt. Det gjer og dei tilsette. Dagane blir harde. Ikkje minst etter at streiken vart trappa opp.

Video STREIK-030610-ST-091100-SI_TL.mp4

Held ikkje lenge

– Vi blir frykteleg slitne. Vi skal jo til vanleg vere fire på jobb, no er vi to. Slikt går ikkje over lang tid utan at vi merker det på kroppen, seier vernepleiar Kirsti Selstad.


Ho prøver å skjerme brukarane så godt ho kan, men seier at mange blir sittande åleine.

– Dei får ikkje gå turen sin i parken. Vi rekk ikkje å prate med dei og dei kan bli liggande i sengene. Ein kan bli litt rar om ein må sitte åleine lenge, seier Selstad.

Rammar smittervern

vernepleiar Kirsti Selstad.

Vernepleiar, Kirsti Selstad tviler på at de makter å jobbe med helgebemanning veldig mange dagar til.

Foto: Mari Langva / NRK

Sengetøyet må skiftast kvar einaste dag på fleire av romma på smitteavdelinga. No blir smittevernet dårlegare under streiken.

– Reinhald er viktig hos oss for å passe på at smitte ikkje brer seg. Dei rutinane er ikkje på plass no. Kva som blir konsekvensane av det, veit eg ikkje.

På rådhuset i Trondheim skal kommunen si beredskapsgruppe passe på at situasjonen ikkje blir kritisk.

Leiar Anne Cathrine Moseng seier sjukeheimane ikkje kan gå lenge på denne måten.

– Ei veke med helgebemanning er truleg grensa. Det er avhengig av kor mange dispensasjonar frå streiken ein får godkjent. Vi følgjer med og melder frå til helsetilsynet kvar dag, seier Moseng.

Stenger alle barnehagar

Fagleiar Kirsti Iversen i Byåsen barnehage er innom rådhuset for å levere permitteringsvarsel for seg sjølv og to kollegaer.

Ho håpar streiken blir avblåst før permisjonar blir nødvendig. Men så langt er det tydeleg at partane står langt frå kvarandre.

– Det er ein vanskelig situasjon å vere i, seier Iversen.

For også i skular og barnehagar er følgjene av streiken tydelege. Dei få tilboda som er att må truleg stenge neste veke, fortel Moseng.

– No har Fagforbundet kome ut med ei liste på 90 medlemmer som dei ettermelder skal gå ut i streik måndag. Då vil eg tru at ein del av dei tilboda vi har klart å snekre saman på ei del barnehagar, må lukke.