Hopp til innhold

Eggen ny sportsdirektør

Knut Torbjørn Eggen blir ny sportsdirektør i Rosenborg etter Rune Bratseth.

Knut Torbjørn Eggen ny sportsdirektør i Rosenborg.
Foto: Stian Arnesen / NRK

Eggen slutta som trenar i Fredrikstad i fjor. I dag blei han presentert som ny sportsdirektør i Rosenborg.

- Det er alltid godt å komme heim og det er ein god heim. Og når ein er veldig ønska i den heimen, er det lettare å takke ja, seier Knut Torbjørn Eggen, til RBK-TV. 

Mykje å Knut Thorbjørn Eggen har den høgaste trenarutdanninga i Noreg, og blei som spelar seriemeister med Rosenborg i 1995.

Må gjere RBK sterkare

Den første arbeidsoppgåva til Knut Torbjørn Eggen blir å forsterke Rosenborg før klubben skal ut i Europa.

- Eg føler at eg har ballast som fotballpraktikar gjennom fleire år i toppfotballen. Eg veit kva visjonar og mål som finst i klubben, og eg er innstilt på å oppfylle dei, seier Eggen til RBK-TV. 

Store sko å fylle

Knut Torbjørn Eggen startar i jobben som sportsdirektør 1. august. Han har klare ambisjonar alt frå dag ein på jobben.

- Eg reknar med at dei vil ta imot den støtta eg kan gi dei. Sjølv har eg min eigenart og eg veit at det er store sko å fylle etter Rune Bratseth, som har gjort ein framifrå jobb. Men eg må fylle rollen på min måte, med min eigenart, seier Eggen.

Ingen kommentar

Rosenborgtrenar Knut Tørum ønskjer ikkje å kommentere tilsettinga av ny sportsdirektør i Rosenborg. 

- Eg er på ferie og vil ikkje kommentere dette no, seier Tørum til NRK Trøndelag.