Hopp til innhold

Dømt til fengsel etter kokainfunn ved NTNU

Ein tidlegare student ved NTNU er dømt til fengsel i eitt år og fire månader for 600 gram kokain. Mesteparten vart funne i skapet hans på NTNU i Trondheim i 2021. På hybelen hadde han nesten 200 tusen kroner i kontantar og ein pistol han ikkje hadde våpenløyve for.

Tiltalte forklarte at han tok vare på narkotikaen for ein ven som var i vanskar, og at pengane var lovleg tente. Retten trudde ikkje på han og viser til at det vart funne lynlåsposar med kokain gjort klare for sal.

Åtte månader av fengselstraffa slepp tiltalte å sone om han ikkje bryt lova dei neste to åra.

Kokain på vekt, beslaglagt i sak mot student ved NTNI i 2021
Foto: Politiet