Hopp til innhold

Brukar blei bada i for varmt vatn: Fekk alvorlege brannskadar

Ein brukar som bur ved Nardo bo- og aktivitetstilbud i Trondheim har fått 2. og 3. gradsforbrenningar, etter at vedkommande fekk eit altfor varmt bad av ein tilsett.

Enhetsleder ved Nardo bo- og aktivitetstilbud, Frank Hofstad

Enhetsleder ved Nardo bo- og aktivitetstilbud, Frank Hofstad, seier at dei føl opp brukaren, pårørande, og tilsette.

Foto: Morten Andersen / NRK

Bebuaren får no hudtransplantasjon ved Haukeland sjukehus, på grunn av brannskadane som blei påført då ein tilsett ikkje følgde godt nok med. Hendinga skjedde søndag 29. juli.

– Eg klarer ikkje heilt å fatte at det går an. Slikt skal ikkje skje, seier enhetsleder ved Nardo bo- og aktivitetstilbud, Frank Hofstad.

Hofstad seier at den tilsette som var på jobb med brukaren har vore veldig uforsvarleg, då vedkommande ikkje kjente på badevatnet før brukaren blei sett oppi.

Omsorgsbolig Trondheim kommune

Dette er administrasjonen ved Nardo bo- og aktivitetstilbud.

Foto: Morten Andersen / NRK

– Truleg over 70 grader

Brukaren bur i ein døgnbemanna omsorgsbustad. Vedkommande har fullt bistandsbehov på alle område, og kan ikkje snakke. Stenvig forklarar at den tilsette som var på jobb ikkje kjente på badetemperaturen før brukaren fekk hjelp opp i badekaret.

– Eg veit ikkje kor varmt vatnet var, men truleg over 70 grader. Det var brennvarmt, seier fungerande kommunaldirektør for helse og velferd i kommunen, Anders Stenvig.

Brannskadane var så alvorlege at brukaren måtte fraktast til Haukeland sjukehus for behandling. Stenvig seier at behandlinga er tidkrevjande og til dels smertefull, men at brukaren etter forholda har det bra.

Politiet, Arbeidstilsynet, Fylkesmannen og Helsetilsynet er kopla inn i saka. Trondheim kommune og den tilsette som var på jobb beklagar på det sterkaste.

Enhetsleder ved Nardo bo- og aktivitetstilbud Frank Hofstad

Slikt ikkje skal skje, seier enhetsleder ved Nardo bo- og aktivitetstilbud, Frank Hofstad.

Foto: Morten Andersen / NRK

Kjente ikkje på vatnet før brukaren sat seg oppi

Den tilsette skal ha kjent på vatnet då vedkommande starta å tappe i badekaret, men ikkje når det var ferdig fylt opp. Brukaren fekk hjelp opp i badekaret og byrja då å skjelve. Den tilsette trudde brukaren fekk eit epilepsianfall, og fekk vedkommande ut av vatnet. Først då blei det oppdaga at temperaturen var alt for høg.

– Det er ein kombinasjon av menneskeleg og teknisk svikt, seier Stenvig.

Foreløpige undersøkingar frå politiet viser nemleg at varmtvannsberederen ved bustaden ikkje fungerer som den skal.

– Men vatnet skulle blitt sjekka før brukaren sat seg oppi.

Politiet etterforskar

Anders Stenvig

- Ein kombinasjon av menneskeleg og teknisk svikt, seier Anders Stenvig, fungerande kommunalråd for helse og velferd i Trondheim.

Foto: Anne Heidi Røstad / NRK

Den tilsette har blitt avhøyrd av politiet, og dei driv no med tekniske undersøkingar. Stenvig vil ikkje spekulere i kva konsekvensar dette kan få.

– Det er jo menneskeleg svikt som er bakgrunnen for at dette har skjedd, men akkurat no er vi opptatt av å ivareta alle. Den tilsette er djupt ulukkeleg etter hendinga og beklagar på det sterkaste.

Stenvig seier at dei pårørande er opprørte, men at dei har ein god dialog saman.