Hopp til innhold

Bronse-Åge i Namsos

Namsosingane får sin eigen bronseskuptur av byens store son på kaien.

Skulptur av Åge Aleksandersen
Foto: Errol Fyrileiv

60 ÅR: Send din hilsen til Åge

Neste helg skal ein bronseskulptur av Åge Aleksandersen avdukast på Namsoskaien.

Ideen til bronseskulpturen var det to karar som fekk. Dei sneik seg inn på ein konsert med Åge Aleksandersen under Namsosmartnan i 2005.

- Jarl kom bort til meg og spurte om det var lov å sette ein person som framleis er i live på sokkel og det sa eg ja til. Akkurat der og då blei ideen til skulpturen skapt, seier Jørund Sandnes til NRK Trøndelag.

Reist av folket

Jørund Sandnes og Jarl Andreassen bestemte seg for at Namsos hadde trong for ein skulptur av Åge Aleksandersen. No er dei ei veke unna at ideen blir realisert.

Artikkelen held fram under biletet:

Jørund Sandnes og Jarl Andreassen

Jørund Sandnes og Jarl Andreassen.

Foto: Henriette Louise Krogness / NRK

Prosjektet har kosta ein million kroner og mange dugnadstimar. Men, det var ikkje kven som helst som fekk vere med å sponse prosjektet.

- Vi valte oss sponsarar undervegs og då valte vi sjølvsagt lokale sponsorarar. Seinare har vi fått med oss NTE og LO. Det var eit poeng for oss at kunne seie at Åge var reist av folket, seier Sandnes.

Men, kven skulle lage skulpturen?

- Det var patriotismen som gjorde utslag då vi bestemte oss for at ein namsosing skulle gjere jobben. Vi meiner at vi får til det meste her, berre vi får sjansen, legg Sandnes til.

Veit det meste om Åge

Den utvalte kunstnaren var Errol Fyrileiv. Han har også laga tre andre skulpturar som alt står i rundkøyringane i Namsos sentrum. Fyrileiv takka ja til oppdraget med skrekkblanda fryd.

Skulpturen har han jobba med i keramikkverkstaden på lærarhøgskulen i Trondheim.

Artikkelen held fram under biletet:

Errol Fyrileiv

Eroll Fyrileiv har jobba mange timar med skulpturen.

Foto: Henriette Louise Krogness / NRK

Kunstnaren veit no det meste om Åge Aleksandersens mål og korleis han opptrer. Han har studert mange timar med konsertopptak og vore på konsertar.

- Korleis står han, har han nokre spesielle mimikkar og uttrykk når han rockar på scenen. Eg har prøvd å tolke karakteren hans og laga eit utkast, seier Fyrileiv.

Uvant i starten

Han har hatt besøk av Åge Aleksandersen på verkstaden sin fleire gonger mens han har arbeidd med skulpturen.

- Åge har vore veldig sporty. Eg har fått lov å herje med han, nistirra på han og tatt masse mål, seier Fyrileiv.

Korleis reagerte Åge undervegs?

Errol Fyrileiv lager skulptur av Åge Aleksandersen.

Undervegs i prosessen.

Foto: Henriette Louise Krogness / NRK

- Eg trur han syns det var ganske flaut og ekkelt i starten. Eg såg at han ikkje treivst. Det var uvant og det blei veldig mykje fokus på han sjølv som person, men etterkvart som vi blei betre kjent og snakka mykje om andre ting løysna det. Då han såg at det begynte å bli noko, blei han stadig meir entusiastisk og tilslutt trur eg faktisk han blei litt stolt også.

Har han sett skulpturen ferdig?

- Ja, han har sett den både i gips og på bilete. Han såg den vel 90 prosent ferdig. Då smilte han breitt og syns det var ganske artig og merkeleg, seier Fyrileiv.

Magen blei mindre

Å jobbe med gips gir mange utfordringar og det blei ikkje betre då hovudpersonen plutseleg begynte å trimme.

- Det var litt spesielt, for i dei første utkasta var omkretsen av magen mykje større enn det blei mot slutten, så eg trur han begynte å gå meir. Eg måtte hogge av ein del gips før det siste utkastet, ler Fyrileiv.

Gipsskulpturen blei så sendt til Oslo for å bli støypt i bronse og snart er den på veg tilbake til Namsos. Initiativtakarane har fått smugkikke på skulpturen under vegs og er veldig nøgde med resultatet.

- Han er så fin at du anar ikkje, og så er han så lik seg. Eg har alltid lik Åge Aleksandersen og etter at eg sneik meg inn på Namsosmartnan utan å betale, føler eg at eg no har fått gjort opp for meg og vise kor mykje eg set pris på han, seier Jørund Sandnes.

Lys og varme er favoritten

Som ihuga Åge-fans, har dei sjølvsagt også ein favorittsong.

- Lys og varme gjer noko med meg heile tida, og eg vil helst ikkje snakke om det, for då begynner eg å grine med ein gong. Det er så flott det meste han Åge har laga, seier Sandnes.

Og Jarl Andreassen er heilt einig.

Skulpturen blir avdekka på kaia på Namsos laurdag 21. mars.