Hopp til innhold

Brannskadd mann på Frøya er død – dødsfallet blir etterforska

Mannen som blei brannskadd i ein omsorgsbustad på Frøya i april døydde søndag.

Fasaden på kommunehuset til Frøya kommune. Det er blå himmel med skyer, huset er mørkt og noen biler står parkert utenfor

SKADD UNDER BAD: Mannen blei rekna som akutt sjuk same dag som han blei bada i omsorgsbustaden.

Foto: Ronny Teigås

Kommunen meldte i førre veke at mannen var utskriven frå sjukehus og at han var på betringas veg. Dødsfallet skjedde etter at mannen var komme tilbake til Frøya.

Det var nettstaden Frøya.no som omtala saka først.

– Vi tenkjer først og fremst på familie og pårørande i den situasjonen dei er i. Vi håpar dei får ro til å ta vare på seg sjølv og sørge, seier ordførarar Kristin Strømskag til NRK.

Skadd under eit bad

Det var i slutten av april at mannen, som var i 50-åra, blei bada i ein kommunal omsorgsbustad.

Kort tid etter blei han akutt sjuk og sendt til St. Olavs hospital. Dagen etter blei han overført til Haukeland sjukehus i Bergen. Der var han til behandling fram til nyleg.

Det blei oppretta ei tilsynssak etter hendinga.

Portrettbilde av Kristin Strømskag, ordfører på Frøya. Hun ser inn i kamera, står utendørs med gress og berg bak seg.

UVENTA: Ordførar på Frøya Kristin Strømskag seier dødsfallet er brått og uventa.

Foto: Ronny Teigås

Kommunen har varsla både politiet og Statsforvalteren om hendinga.

– Ja, det gjorde vi med ein gong måndag morgon i og med at Statsforvalteren har ein tilsynssak gåande, og politiet har ei undersøkingssak. Med bakgrunn i det bestemte politiet å attrå ein obduksjon av bebuaren.