Hopp til innhold

Børstad Transport er årets lærebedrift

I dag blei Børstad Transport tildelt prisen for årets lærebedrift 2023.

– Dette er veldig stas! Vi set stor pris på å få denne prisen, og er glade for at jobben vi gjer blir lagt merke til.

Det seier dagleg leiar i Børstad Transport, Sverre Myrvold Gjerde i ei pressemelding frå Trøndelag Fylkeskommune.

Familiebedrifta har hatt lærlingar i om lag 30 år.

– Dei har eit godt samarbeid med opplæringskontor og vidaregåande skule, og tar inn nye lærlingar kvart år. Lærlingane får delta på alle område hos dei.

Det seier leiar i Yrkesopplæringsnemnda, Marte Løvik, under prisutdelinga.