Hopp til innhold

Bilførar skote på med paintball

Ved midnatt fekk politiet inn melding av ein bilførar som var blitt skote på med paintball. Politiet har ikkje lukkast med å finne gjerningsmannen.

Namsskogan3

Ein bilførar fekk seg ei ubehageleg oppleving ved midnatt. Bilen hans vart skote på med paintball ved Namsskogan i Nord-Trøndelag, og politiet leita etter gjerningsmannen.

– Eg anar ikkje kva folk tenker på. Dette kunne potensielt vore kjempefarleg, seier Jan Tore Tiltnes, operasjonsleiar ved Nord-Trøndelag politidistrikt.

Laster Twitter-innhold

For langt unna

Tiltnes fortel at dei leita etter gjerningsmannen, men innan dei rakk å komme seg til Namsskogan var han forsvunne. No går politiet ut og fortel kor farleg ei slik hending kan vere.

– Føraren får seg ein stukk når noko slikt skjer. Ein kan bli skremt til å køyre av vegen eller over i motgåande køyrefelt. Dersom gjerningsmannen hadde treft bilruta kunne det potensielt vore veldig farleg, seier Tiltnes.

Føraren av bilen er ikkje skada, og melder også til politiet at bilen skal vere uskadd. Tiltnes seier dette er første, og forhåpentlegvis siste gongen, dei får inn melding om noko slikt.

Laster Twitter-innhold

– Bilføraren ringde ved midnatt og fortalde at han var blitt treft fleire gonger med paintballammunisjon. Dette er ikkje uskyldig moro, og eg håpar folk skjønner alvoret i det.

Ikkje noko spor av gjerningsmannen

Det skal vere snakk om fleire kuler med farge som har treft bilen, men føraren har fortalt politiet at det skal gå an å vaske vekk.

Foreløpig har politiet lite å gå etter når det gjeld gjerningsmannen.

– Det tar lang tid for oss å komme til Namsskogan, og vi fann ingenting når vi kom fram til området. Eg håpar folk får med seg nyheita, og at dette ikkje skjer igjen, seier Tiltnes.