Hopp til innhold

55 førsteklassingar i karantene

Heile første trinn ved Singsaker skole i Trondheim må i karantene etter at ein av foreldra til ein førsteklassing har fått påvist koronasmitte.

Singsaker skole

I KARANTENE: 55 førsteklassingar ved Singsaker skole må i karantene etter at ein av foreldra på trinnet har fått påvist koronasmitte.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

Det skriv rektor ved skulen, Sten Frode Solvang, i ei intern melding som er sendt ut til alle dei føresette til elevane på skulen.

Totalt er det 55 elevar i 1.klasse. Ti tilsette på trinnet må også i karantene.

– Vi fekk beskjed midt på dagen i dag om at ein føresett har testa positivt på covid-19. Då tok eg kontakt med smittevernkontoret for å høyre kva vi skulle gjere vidare, seier rektoren.

Kan bli kort karantenetid

Smittevernkontoret i Trondheim avgjorde at alle førsteklassingane ved Singsaker skole no skal settast i midlertidig karantene.

– Det vil seie at den er ekstra førebyggande, og at ein ikkje nødvendigvis må vere i karantene i 10 dagar, forklarar Solvang.

Skulen ventar no på testsvaret til barnet av den føresette som er koronasmitta. Eleven var på skulen både måndag og tysdag.

– Vi får nok eit svar relativt raskt, og då vil vi saman med smittevernkontoret vurdere kva som skal skje vidare, seier Solvang.

Singsaker skole

MÅ VERE HEIME: Førsteklassingane ved skulen må halde seg heime fram til situasjonen er avklart.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

Søsken og foreldre må ikkje i karantene

Ingen av elevane på første trinn skal møte på skulen onsdag. Førsteklassingane rakk altså berre å gå på skulen i to dagar før dei måtte heim igjen.

Skulen presiserer at ingen søsken eller foreldre må i karantene.

Det er berre andre skuledag. Fryktar du meir nedstenging framover?

– Ja, det fryktar eg. Eg håpar sjølvsagt at det skal gå bra, men slik smittesituasjonen er no kan dette skje på alle skular, meiner rektoren.