«Dagmar» herjer i Trøndelag

Stormen «Dagmar» har velta tre og stenger vegar i Trøndelag. Fleire hus har lause takplater.

Dagmar herjer Trøndelag

Her sikrar Brannvesenet eit tre som er ferd med å velte over eit hus på Vestre Rosten i Trondheim.

Foto: Henrik Sundgård / NRK

– To tre velta, dei fall like utanfor huset. Eit tredje tre held på å løysne i rota og hadde retning mot huset. Vi har sikra det med lastebilstropper og det berger forhåpentlegvis, sa brannmeister ved 110-sentralen, Stig Lunde til NRK.no klokka 2330.

Ifølgje politiet er det ikkje meldt om personskadar i uveret.

SJÅ BILDENE: «Dagmar» herjar i Trøndelag

Vegtrafikksentralen melder om fleire stengte vegar på grunn av tre som har falle over vegen.

Sterk vind velter tre
Uværet Dagmar herjer Trøndelag

Taket på dette huset i Olderdalen på Ranheim i Trondheim var i ferd med å løsne.

Foto: Henrik Sundgård / NRK

Rundt midnatt var det ganske stille ved brannvakta i Trondheim, men det var veldig hektisk rundt klokka 2200. Då gløda linjene og brannvesenet måtte ut og fjerne ein del tre og sikra fleire tak.

I Olderdalen på Ranheim heldt taket på eit hus på og blåse av.

Ifølgje operasjonsleiar Tore Kyllo ved Sør-Trøndelag politidistrikt er det ei rekke tre som har velta over vegen, bilar og hus.

– Det er verst på Hitra, Frøya, Hemne og bynære strøk i Trondheim. Berre i Melhus åleine har det velta seksti tre, seier Kyllo.

I Muruvik i Malvik har ei høgspentmast falt ned og det ligg ein leidning over vegen. Everket jobbar med saka.

Straumlaust mange stader

Frøya er delvis utan straum. Store delar av Ørland var også utan straum.

– No er det berre Storfosna og Kråkvåg som ikkje har straum. Dei vil få straumen tilbake først i morgon. Resten har fått tilbake straumen no, opplyser Fosen Kraft.

Fleire stader i Malvik er det også mørkt. Ifølgje telefonsvararen til Trønder Energi er det problem med straumen på Frøya, Klæbu, Jonsvatnet, Tiller, Skaun og Åfjord.

I Dyrvik på Frøya har Mesta og brannvesenet jobba iherdig for å få fjerna 3-4 tre som dekka vegbana.

Alt mannskap ute

Både Trafikksentralen og Trondheim bydrift har alt tilgjengeleg mannskap ute for å fjerne tre.

Veitrafikksentralen melder om at E6 over Dovrefjell er stengt på grunn av uværet.

Ifølge Statens Vegvesen er fergesambandet Flakk - Rørvik stengt på grunn av den sterke vinden. Også vegen på Frøya er stengt fleire stader.

LES OGSÅ: To hurtigruteskip ligg verfast ved kaien i Trondheim.

Ferjesambandet Flakk-Rørvik er innstilt grunna sterk vind.

Video fra Trøndelag

Store nedbørsmengder har gitt stengte veger og togavsporing
1500 besøkende i helgen
I 2016 har det vært nesten 10 000 viltpåkjørsler. 1/4 av dem skjer i Trøndelag.