Fryktar vindmølleflopp skal koste arbeidsplassar i distrikta

Tillitsvald Bjørn Helmersen er kritisk til at NTE no skal spare pengar, og er redd for at tapsprosjektet vindmøller skal gå ut over arbeidsplassane.

Hundhammerfjellet i Nærøy

TAPSMØLLER: Vindkraftprosjektet på Hundhammerfjellet har kosta NTE mykje pengar.

Foto: Bjørnar Boneng

Nord-Trøndelag e-verk (NTE) har sidan 2003 tapt store summar på vindkraftsatsing. I går fortalde NRK at éi einaste vindmølle har kosta konsernet 28 millionar kroner. Samla sett har langt større beløp gått opp i lufta i vindparken ved Hundhammerfjellet i Nærøy.

Redd for arbeidsplassane

Hovedtillitsvalgt ved NTE, Bjørn Helmersen.

KRITISK: Hovudtillitsvald Bjørn Helmersen er redd for at tapsprosjektet skal gå ut over arbeidsplassane.

Foto: Geir Tore Mjønes
Kenneth Brandsås, NTE Energi

POSITIV: Direktør Kenneth Brandsås i NTE Energi meiner framleis det er mykje potensiale i vindkraft, og viser til andre utbyggingar.

Foto: Pressefoto / NTE

Når NTE no skal spare pengar etter tapsprosjektet, fryktar dei tilsette å kjenne kutta på kroppen. Hovudtilitsvald Bjørn Helmersen i El- og It-forbundet er allereie på vakt.

– Det kjennest ikkje bra viss gammal moro betalast med arbeidsplassar i distrikta, seier Helmersen.

E-verket seier på si side at satsinga er eit mislukka forsøk, men avviser at det var til inga nytte.

– Det er tapt mykje pengar gjennom denne satsinga, men det var jo ei satsing som NTE skulle gjere saman med styresmaktene for å få opp ein stor internasjonal aktør. Det lukkast dessverre ikkje, seier direktør i NTE Energi, Kenneth Brandsås .

– Seier ingenting om vindkraft

Han siktar til draumen om å lage norske vindmøller og skape eiga kraft. Likevel meiner han den lave levealderen på møllene ved Hundhammerfjellet ikkje seier nokon om vindkraft generelt.

– Det er viktig å presisere at dette var eit forskingsprosjekt. Dei siste turbinane som vart sett opp, fungerer mykje betre enn dei første. Når vi bygger slik vi til dømes har gjort i Ytre Vikna, så forventar vi at det skal stå i tjue år, seier Brandsås.

Hovudtilitsvald Bjørn Helmersen ser framleis stor risiko ved framtidige vindkraftsatsingar i NTE.

– Det ser vi på som veldig utfordrande. Slik vi får det framlagt er det svært vanskeleg å få til økonomi i vindsatsing , i og med at dei grønne sertifikata ser ut til å vere ein dårleg deal.