Hopp til innhold

9 av 10 er optimistar

Bedriftsleiarar i Trøndelag ser lyst på framtida. Mange trur finanskrisa kan vere over allereie neste år.

Merethe Storødegård

NHO-direktør i Trøndelag, Merethe Storødegård.

Foto: NRK

Arena Trøndelag gjorde ei undersøking blant 527 bedrifter i Trøndelag.

Den viser at bedriftsleiarane er svært optimistiske. Så optimistiske at NHO-direktøren i Trøndelag løftar på augebryna.

Svært høge tal

- Eg synast det er eit høgt tal, men det er kjempebra at næringslivet ser mogligheitene og lyset i enden av tunnelen på andre sida, seier Merethe Storødegård.

Etter sju feite år der arbeidskraft var den største mangelen, kom finanskrisa og bydde på heilt andre problem. Men det spelar ikkje inn på bedriftsleiarane.

Omfattande spørsmål

I undersøkinga vart dei spurt også spurt om dei ville tilsetje fleire dei neste to åra, kor vidt dei ville investere meir eller mindre, og korleis dei trur omsetnaden vert i år og nest år.

Trass i stor optimisme er det varierande svar. Mange ventar mellom anna med å investere.

I morgon startar NHO Trøndelag sin årskonferanse der temaet er nettopp økonomiske krisetider.

Kravde krisepakke

Linda Hofstad Helleland

Høgrepolitikar Linda Cathrine Hofstad Helleland vil ha krisepakke til bedriftene.

Foto: Ida Sem Fossvik / NRK

Ei anna som er overraska er stortingsrepresentant for Høgre, Linda Cathrine Hofstad Helleland. Høgre kravde i dag ein krisepakke til 15 milliardar kroner for å redde norske bedrifter.

Helleland er veldig glad for at trønderske bedriftsleiarar er så positive. Men innstillinga til bedriftseigarane er fjernt frå realitetsbeskrivinga til Høgre

- Det er jo ei økonomisk krise no som ikkje berre rammar Noreg. Realøkonomien er på veg nedover. Ferske tal frå NAV syner at vi ligg over snittet i arbeidslause, seier Høgre-politikaren.

Mister kompertanse


Helleland seier at dei vil setje ned arbeidsgivaravgifta med 2,5 prosent for å spare pengar for bedriftene.

Samtidig vil dei opne for å kunne studere under permisjon, slik at bedriftene ikkje skal miste kompetansen sin når dei treng arbeidskraft igjen. I dag mister du retten til dagpengar om du byrjar å studere.

- Vi ser at røynda no er ganske tøff. Ein bedriftsleiar må gjere det han kan og må vere optimistisk. Realiteten er at i år i forhold til i fjor er neste 700 fleire permitterte berre i Sør-Trøndelag.