Hopp til innhold

3000 svenske rein beiter i Noreg

– Det går hardt utover det vinterbeitet i Trøndelag, og det blir meir arbeid på oss, seier norsk reineigar.

Rein

TURISTREIN: Svensk rein forsyner seg av norsk mat og arbeidskraft.

Foto: Knut-Sverre Horn / NRK

– Uansett kven som eig reinen, er det vi norske reineigarar som må ta hand om den.

Det seier Knut Tørresdal. Han driv sjølv reindrift i Trøndelagsområdet.

Dei to siste vintrane har han i periodar hatt 3000 svenske rein gåande i området i tillegg til sine eigne.

– Det er mykje arbeid med reinen. Ein må samle reinen, ha den inn i eit skilletrau, laste den opp og køyre den heim, fortel han.

LES OGSÅ: Vårflytting av rein med trailere

Manglar 15 km

Passkontroll

UTAN GRENSEKONTROLL: Gjennom eit hol i reingjerdet kjem svenskane seg over grensa.

Foto: Rainer Prang / NRK

Grunnen til at den svenske reinen kjem på noregsbesøk, er ein 15 km lang opning i reingjerdet langs riksgrensa.

Det fortel Ole Jakob Kvalshaug som jobbar i reindriftavdelinga hos fylkesmannen i Sør-Trøndelag. No vil avdelinga tette holet i gjerdet for å lette presset på norske beitemarker.

Til hausten skal dei møte svenske kollegaer for å kome fram til eit forslag. Forslaget skal så på høyring.

Eit nytt gjerde kjem tidlegast neste haust.

LES OGSÅ: Rein lykke med nye lekekamerat