1000 sinte hitterværingar leverte tirsdag kveld underskrifter til leiinga i SpareBank 1 Midt-Norge. Kravet er at banken stoppar salet av Nye Midnor til Lerøy Seafood i Bergen.
- Aksjonskomiteen la også fram opplysingar om korleis dei meiner salet av Midnor har skjedd, seier aksjonsleiar Bror Blichfeldt.
- Vi i folkeaksjonen har snakka med ei rekke personar. Dette er både folk som sit med makt, eigarskap og andre. Saman har vi danna oss eit bilete av korleis salet av Nye Midnor har skjedd, og det presenterte vi for Marvin Wiseth tirsdag kveld.
Leiar for Hitra-aksjonen, Bror Blichfeldt.
Kynisk spel
Hovudkonlusjonen til aksjonskomiteen er at banken aldri var interessert i å selje Midnor tilbake til tidlegare eigar Helge Gåsø.
Blichfeld meiner det har skjedd eit kynisk spel, og at spelet langt på veg kan dokumenterast.
- Vi ønskjer å vise at vi ikkje vil ha eit skjult spel om arbeidsplassane på Hitra. Arbeidsplassane i oppdrettsnæringa er altfor viktige til at nokon kan sitte på toppen og spele med økonomien og jobbane våre, seier Blichfeldt.