Hopp til innhold

Wilma (10) spelar amerikansk fotball: – Ein må gi full gass og vere sterk

Ho er kanskje eit hovud lågare enn gutane på laget, men ho gir jernet som einaste jente på Europas nordlegaste amerikanske fotballag.

Wilma Pedersen (10) spiller på det amerikanske fotballaget Alta Snow Dragons.

Wilma Pedersen (10) er einaste jenta på det amerikanske fotballaget Alta Snow Dragons.

Foto: Jonas Løken Estenstad / NRK

– Eg er best på å takle dei høgaste gutane!

Det seier ti år gamle Wilma Pedersen. Ho speler på Alta Snow Dragons, som er Europas nordlegaste amerikanske fotballag.

Laget består av rundt ti tenåringsgutar, og Wilma, som er eitt hovud lågare enn resten. Akkurat det siste gjer ingenting, skal ein tru tiåringen.

– Det er viktig å ikkje nøle i den sporten. Ein må gi full gass og vere sterk, forklarer Wilma.

Reiste på turnering

Alta Snow Dragons var nyleg på den første turneringa si nokon gong. Her gjorde laget ein god figur, og vann mellom anna mot Lillestrøm. Med Wilma på banen.

– Det var veldig artig at vi vann ein kamp, mot så gode motstandarar. Eg håper å få dra på fleire turneringar.

Alta Snow Dragons mot Lillestrøm Starfighters.

Det vart siger mot Lillestrøm Starfighters i førre helgs turnering.

Foto: Farhat Taj

Amerikansk fotball er kjend for høg intensitet og mykje taktikk. Sjølv jobbar Wilma framleis med å finne ut av taktikken.

– Eg er ikkje så god på posisjonane enno, så eg høyrer berre på kva trenaren seier. Det er eigentleg berre å køyre på.

Tiåringen seier amerikansk fotball er eit fint utløp for aggresjon.

– Eg har ikkje hatt det så fint på skulen, og eg liker å herje. Så eg fann ut at det var ein fin sport for meg, seier Wilma.

Wilma Pedersen trener med Alta Snow Dragons

Alta Snow Dragons er Europas nordlegaste amerikanske fotballag.

Foto: Jonas Løken Estenstad / NRK

Lèt seg imponere

På treninga i Alta har dei fått besøk av Uno Brevik Olsen. Han er forbundstrenar i Noregs Amerikanske Idretters Forbund, og har late seg imponere av det Wilma gjer på banen.

– Det viktigaste i denne sporten er mindsett, og Wilma har det som trengst. Ho kan komme så langt ho vil.

Uno Brevik Olsen er forbundstrener i Norges Amerikanske Idretters Forbund.

– Ho kan komme så langt ho vil, seier forbundstrenar Uno Brevik Olsen. Han har hjelpt Alta Snow Dragons i etableringsfasen.

Foto: Jonas Løken Estenstad / NRK

Olsen meiner det ikkje er noka ulempe for jenter å delta i amerikansk fotball.

– Jentene har ofte litt meir kraft enn gutane. Viss Wilma held fram med sporten, blir ho ein person vi kjem til å sjå mykje av.

Lagbilde av Alta Snow Dragons, Wilma Pedersen foran.

Alta Snow Dragons består av rundt ti tenåringsgutar, og tiåringen Wilma. Laget tok nyleg sin første siger.

Foto: Jonas Løken Estenstad / NRK

Trenar med pappa

Ståle Eriksen er far til Wilma. Han bidreg som støttespelar både frå sidelinja og på styrkerommet.

– Vi har trena litt styrke saman, men eg veit ikkje kvar ho har det med amerikansk fotball frå. Eg støttar henne i det.

Wilma Pedersen med pappa Ståle Eriksen.

Pappa Ståle Eriksen var med då Alta Snow Dragons spelte turnering på Gjøvik. Her tok laget sin første siger nokon gong.

Foto: Jonas Løken Estenstad / NRK

Sjølv om Wilma er minst på laget, er ikkje faren uroa for at ho skal få seg ein trykk.

– Nei, det er eg ikkje. Ho er litt fysisk, og synest det er artig å kunne bryte litt. Det passar for henne.

Inspirerande

Alta Snow Dragons starta opp i 2020, etter initiativ frå tidlegare landslagsspelar Glenn Hochlin Larsen. Han er trenar for laget, og seier at det faktisk kan vere ein fordel at Wilma er lågare enn dei andre.

– Ein pleier å seie at lågaste mann vinn. I dette tilfellet blir det lågaste kvinne, fordi ho har lågare tyngdepunkt, og kan lettare takle dei andre spelarane.

Wilma Pedersen (10) spiller på det amerikanske fotballaget Alta Snow Dragons. Her sammen med trener for laget Glenn Hochlin Larsen.

Amerikansk fotball består av kompliserte taktikkar. Her får Wilma instruksar av trenar Glenn Hochlin Larsen.

Foto: Jonas Løken Estenstad / NRK

Larsen håpar Wilma kan inspirere andre jenter til å teste ut sporten.

– Ho viser at det er fullt mogleg for jenter å vere med i sporten, og det treng vi for å kunne vekse. Wilma er eit førebilete.

Sjølv om ho ikkje har tenkt så mykje på framtida, har ho ingen planar om å slutte med det første.

– Målet mitt er å bli betre i sporten, og ha det artig samtidig.

Sjå Wilma in action her:

Wilma er eneste jenta på Alta Snow Dragons. Det hindrer henne ikke i å gi jernet!

Wilma er einaste jenta på Alta Snow Dragons. Det hindrar henne ikkje i å gi jernet!