Hopp til innhold

Viking-spiss kan hjelpe Tromsø til gull i Eliteserien

Tromsø Idrettslag heng framleis med i gullkampen i Eliteserien. På søndag kan ein innleigd-spiss frå Viking bli avgjerande.

Mai Traoré.

Fotballspelar Mai Traoré sørgjer for at TIL er på ballen.

Foto: NTB

Den 23 år gamle spissen Mai Traoré var nøkkelen til suksess då Tromsø Idrettslag (TIL) vann 1–0 mot Stabæk førre helg.

På søndag får han truleg ny tillit frå start heime mot Aalesund som ligg på botnen av tabellen.

Hovudtrenar for TIL, Gaute Helstrup, seier han nesten kan garantere at publikum får sjå Traoré på bana.

– Vi får sjå på om han startar, eller kjem inn etter kvart, seier Helstrup.

Hovudtrenaren understrekar at han har trua på at spissen skal gjere ein ny god kamp.

– Vi var fornøgd med Mai sist. Han var aktiv, starta mykje på overgangar, skåra eit fint mål, og jobbar godt i press-spelet, seier Helstrup.

– Det kjem til å bli ein fantastisk kamp, vi speler godt no, seier Traoré.

Møter Viking

Traoré har vore på utlån frå Viking FK frå våren av, og er signert TIL ut sesongen med moglegheit for forlenging.

– Han er ein spennande angrepsspelar som vi har følgt over lengre tid, og som vi har stor tru på i sesongen som kjem, sa Tromsøs sportssjef Lars Petter Kræmer-Andressen, når nyheita vart kjend.

Om to veker ventar kamp mot Viking FK i Stavanger.

I fjor haust skåra Viking-spissen mål mot TIL, men i år kan det hende han skårar mot sin eigen klubb.

Men først ventar TIL mot Aalesund FK på Romssa Arena søndag 8. oktober kl. 17.

Kampen kan du følgje her