Hopp til innhold

Trailer blei først stoppa etter 70 mil med sommardekk på vinterføre

Då ein utanlandsk trailersjåfør trengde hjelp til å sette på kjettingar, blei det oppdaga at køyretøyet ikkje var skodd for glatte vintervegar i nord.

Åge Johannessen

Jon Åge Johannessen med to hender på det slitne sommardekket. Til samanlikning er det eit vinterdekk til venstre.

Foto: Allan Klo / NRK

– Eg såg galskapen då vi gjekk rundt hengaren, seier Jon Åge Johannessen som skulle hjelpe sjåføren med å legge på kjettingar.

Han er teknisk sjef i AS Bildekk i Rypefjord, og fekk ei ubehageleg overrasking på jobb tysdag, då ein trailer frå Murmansk svinga innom bedrifta i Finnmark.

– Vi skulle hjelpe sjåføren med å tilpasse kjettingane til drivhjula. Då såg vi at hjula var kjempeslitne, og at det enda til var eitt sommardekk!

Han trur traileren kan ha vege opp mot 50 tonn, og synast det er dårleg av kontrollmyndighetene å ikkje fange opp slikt

Johannessen hamna i eit lite dilemma. Var det riktig å melde ein kunde til politiet?

– Det var litt ekkelt, men eg tenkte at slike ting må ein seie i frå om. Det kan jo vere ein kompis, sambuaren, eller kven som helst som kan få denne i fronten.

Det var avisa Hammerfestingen som først omtalte denne saka.

Trailer køyrde 70 mil med sommardekk

– Det er skummelt at dette vogntoget har køyrt heilt hit på svingete vegar med det dårlege føret vi har no, seier Jon Åge Johannessen.

Foto: Allan Klo / NRK

UP rykka ut

Etter å ha passert grenseovergangen frå Russland, har traileren køyrt nesten 70 mil på glatte vintervegar gjennom Nordvest-Russland og i Norge.

Under kontrollen oppdaga politiet fleire manglar.

– To dekk var reine sommardekk. I tillegg var tre dekk av typen «mud and snow» dårlege, seier Ove Myrkaskog, politioverbetjent i utrykkingspolitiet.

Han forklarar at dette er heilårsdekk som er lovlege, men desse hadde berre langsgåande mønster. Det burde absolutt ha vore tversgåande mønster.

– Trailerar som dette vil eg ikkje sjå på norske vegar. Vi må få større kontrollverksemd både over grensa og innover i landet slik at dei blir stoppa. Dei er farlege.

Sommerdekk på vinterføre

Sommardekk på traileren.

Foto: Allan Klo / NRK

Manglar ressursar

– Det er ikkje ressursar nok til å ha kontrollar heile døgnet langs dei 12 grenseovergangane i Nord-Norge, seier Helle Torill Sandvik, seksjonssjef for utekontroll hos Statens vegvesen.

Ho meiner det må gjerast ein betre jobb når det gjeld å informere om dei krevjande vintervegane i Norge til utanlandske trailersjåførar.

Likevel er ikkje sjåførane aleine om ansvaret.

– Det ligg også hjå dei som eig bilen, dei som eig hengarane, og dei som tek imot lasta. Også produsentar av dekk må bli betre på merking, seier Sandvik.

Ho trur mange ikkje er klar over kva forhold dei kjem til.

– Dersom ein trailer køyrer inn via Svinesund vil dei oppleve eit nytt føre i Trondheim, og så enda eit nytt føre i heilt i nord.

Både Statens vegvesen og samferdselsdepartementet jobbar med tiltak for å gjere vegane sikrare. Blant anna med tiltaket Trygg trailer.

Les også: Vogntog dundret gjennom veggen – to meter fra å treffe huseier

Skifter dekk på trailer

Her får traileren hjelp av ein tilsett ved AS Bildekk i Rypefjord til å skifte dekk.

Foto: Allan Klo / NRK

Flere nyheter fra Troms og Finnmark