Hopp til innhold

Blei bortvist frå Pasvikelva: – Som å få fartsbot utan å køyre for fort

– Det er som å køyre nært fartsgrensa. Da kan ikkje politiet gripe inn, seier advokat Jon Bertelsen. Han meiner den som ikkje har gjort noko gale, heller ikkje kan straffast.

Arne Wikan i båt på Pasvikelva

Arne Wikan blei bortvist frå Harefossen under ein fisketur i fjor sommar. Tysdag møtte han i retten.

Foto: NRK

Bertelsen er forsvarar for Arne Wikan frå Pasvik. Wikan fiskar ofte på Pasvikelva.

Store delar av den norsk-russiske grensa følger elva. 72-åringen har fiska i området i meir enn 60 år og er trygg på at han klarer å manøvrere på elva utan å hamne i Russland.

Da Wikan var på årets første fisketur 1. juni i fjor, var ikkje den norske grensevakta like sikker på at han ville klare å halde seg på riktig side av grensa. Difor blei to soldatar sendt for å snakke med fiskaren.

Hadde ikkje gjort noko gale

Fisketuren gjekk føre seg i Harefossen i Pasvikelva. Grensesoldatane bad han komme til land. Dei meinte han fiska nært grensa.

Da Wikan spurde om han hadde gjort noko gale, fekk han til svar at han ikkje hadde brote nokre reglar. Tre gonger stadfesta soldatane at han ikkje var mistenkt for lovbrot. Likevel blei han bortvist frå Harefossen i 24 timar.

Det heile enda med at soldatane bad Wikan oppgi personalia, noko Wikan meinte ikkje var nødvendig sidan han ikkje var mistenkt for noka form for lovbrot.

Det heile enda med at soldatane tilkalla politiet. Då betjentane kom til staden, oppgav Wikan opplysningane soldatane hadde spurt om.

Ville førebygge

Tysdag møtte Wikan i retten fordi han ikkje godtok bota han fekk etter møtet med soldatane. Aktor Marit Balsvik Valan seier politiet og påtalemakta ser på bortvisinga som eit førebyggande grep.

– Det var nærliggande fare for grenseoverskriding. Den førebyggande jobben dei gjorde er omfatta av avvergeomgrepet i paragraf sju i politiloven, seier ho.

Overreaksjon frå politiet

Forsvarer Jon Bertelsen meiner bortvisinga av Wikan frå Harefossen var eit brot på loven, og at politiet har overreagert mot ein heilt vanleg fisketur.

– Det er nærast ein kvardagsleg situasjon, og det er ikkje nokon umiddelbar fare for lovbrot. Det er som når man køyrer nært fartsgrensa. Då kan ikkje politiet gripe inn. Wikan har ikkje gjort noko gale, og han gjorde berre det han har lov til, seier Bertelsen.

Dersom politiet ikkje har lov til å vise Wikan bort, hadde han heller ikkje plikt til å fortelje kven han var. Difor krev forsvararen at Wikan blir fullstendig frikjent for bota på 14 000 kroner.

Advokat Jon Bertelsen mener Arne Wikan ikke kan straffes etter fisketuren på Pasvikelva den 1. juni i fjor.
- Han har ikke gjort noe galt, sier Bertelsen.

Forsvarar Jon Bertelsen bad om full frifinning av Arne Wikan.

Foto: Knut-Sverre Horn

Innfører i praksis eit forbod

På norsk side er det lov til å ferdast heil inntil grensa. Både Wikan og forsvarar Bertelsen meiner politiet ikkje har grunnlag for å vise bort folk frå Pasvikelva fordi det er ein teoretisk fare for grensekrenking.

– Dersom dei får medhald i det, så er det i realiteten eit forbod mot å fiske i Harefossen, seier Bertelsen.

Bygdefolket støttar Wikan

Arne Wikan har både bygdefolket og familien i ryggen når han vel å ta saka til retten i staden for å betale bota.

– Eg har fått mange titals helsingar berre i dag. Dei skriv «stå på Arne, du jobbar for oss alle.» Sambygdingane mine er veldig opptatt av det som skjer her, sa Wikan like før rettssaka starta.

Han tok også ordet etter at rettsforhandlingane var over:

– Eg vil jo oppnå noko med det. Det er ikkje berre for å protestere. Det må bli betre tilhøve mellom grensevaktene og sivilbefolkninga, sa han og la til:

– Vi som bor i Pasvikdalen vil gjerne ha eit godt forhold og respektere kvarandre. Dei kan ikkje finne på nye ting. Vi kjenner elva, medan nokon sit i eit tårn på 2 kilometers hold og seier «han er nær grensa», sa Wikan.

– Vi får håpe at dette kan føre til at Garnisonen i Sør-Varanger og sivilbefolkninga får eit betre samarbeid, avslutta han.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark