Hopp til innhold

Må kutte 50 millionar: Sigurd (15) fryktar for kulturskoletilbodet

Vadsø kommune foreslår kraftige kutt i tilbodet til barn og unge dei neste fire åra. Sigurd (15) trur det vil gå utover bulysta.

Sigurd Larne Tolk i Vadsø spiller trommer.

Dersom forslaget til Vadsø kommune om å blant anna kutte støtta til kulturskolen i byen blir ein realitet, kan Sigurd Larne Tolk (15) bli nøydd til å legge vekk trommestikkene.

Foto: Hanne Wilhelms / NRK

– Det går utover kvaliteten på tilbodet til meg og andre på min alder, og sjansen til å utvikle seg, seier Sigurd Larne Tolk i Vadsø.

15-åringen er aktiv i kulturskolen og trivst godt.

Han synest det er trist at kommunedirektøren foreslår kutt i fleire tilbod for barne- og unge i Vadsø.

Kuttet er meint å dekke inn delar av eit underskot på 50 millionar kroner.

I økonomiplanen for dei fire neste åra blir det foreslått kutt i ikkje lovpålagde tenester som blant anna er kulturskolen, ungdomsrådet og ungdomsklubben i byen.

Tolk seier han har hatt god nytte av kulturskoletilbodet dei mange åra han har vore med.

– Eg har hatt det veldig gøy og fint på kulturskolen. Eg har gått på kunst, piano og nå slagverk.

Sigurd Tolk blir undervist i trommer av lærer Jan Hofseth.

Sigurd Larne Tolk, og kulturskole lærer Jan Hofseth er begge bekymra for kuttforslaget i kommunen. Blir kutta vedtatt kan kulturskolen ende opp med berre ei stilling igjen.

Foto: Hanne Wilhelms / NRK

Færre stillingar ved kulturskolen

Vadsø kommune skal denne veka ta stilling til kuttforslaga, før saka skal til endeleg behandling i kommunestyret 14. november.

Jan Hofseth er kulturskolelærar og tillitsvald for dei tilsette.

Han trur kutta vil gjere at kulturskolen berre vil klare å kunne levere tenester på eit minimumsnivå.

– Det kan jo føre til at vi berre får ei stilling igjen her, men kva den skal gjere er vanskeleg å seie.

Jan Hofseth, kulturskolelærer i Vadsø kommune. Han har på seg briller og en blå rutete skjorte.

Jan Hofseth, lærar og tillitsvald i kulturskolen har i eit skriv til politikarane forklart kvifor det er viktig å ha kulturskolen. Han seier kulturskolen bidrar aktivt i musikklivet i byen.

Foto: Hanne Wilhelms / NRK

På førehand har kulturskolelæraren sendt eit skriv til politikarane i Vadsø kommune der han meiner kutta vil få store konsekvensar for kulturlivet i byen.

– Vi underviser barn og unge og gjer dei i stand til å delta i kulturlivet i byen som vi er sterkt involverte i, både i grunnskolen, kunstforeininga og musikklivet i byen.

Les også Veien til suksessen - slik ble Ella Marie sangstjerne

Ella Marie Hætta Isaksen på julekonsert med KORK

Krevjande situasjon for mange kommunar

Kommunedirektøren i Vadsø, Jarle L. Lystad, forstår at kutta skaper reaksjonar.

Han seier den tøffe tida i kommune-Noreg gjer at også Vadsø må gjere grep.

– Den økonomiske krisa som treff kommunane i landet treff også Vadsø hardt. Hovudårsaka er auka utgifter innan helse- og omsorgssektoren.

Les også Krisebrev til politikarane: – Nå er det alvor

Bemanningskrise i barnehage i Tromsø

Han seier heile organisasjonen skal omorganiserast.

– Dei nye effektiviserings- og omstillingstiltaka vil treffe innanfor helse- og omsorgssektoren, men også oppvekst- og levekårssektoren, som i stor grad omfattar barn og unge.

Kommunedirektør i Vadsø, Jarle Lystad i en rutete dress på et kontor.

Kommunedirektør i Vadsø kommune Jarle L. Lystad forstår at dei føreslåtte kutta ikkje er populære. Men han seier den krevjande situasjonen i kommun-Noreg også gjer at Vadsø må ta grep.

Foto: Alexandra Bråten / Rådhusets forvaltningstjeneste

– Vi kan ikkje skjerme barn og unge heilt

Ordførar i Vadsø Wenche Pedersen seier det er vanskeleg å skjerme tilbodet til barn og unge.

– Det kjem til å smerte når vi må ta igjen eit underskot på 50 millionar. Vi kan ikkje skjerme barn og unge heilt, men det er i alle fall dei tinga vi skal jobbe med.

Ho trur kommunedirektøren har gjort grundige vurderingar i kuttforslaga sine.

– Eg trur kommunedirektøren har gått gjennom heile organisasjonen og sett på kva slags moglegheiter det er for kutt.

Wenche Pedersen godt fornøyd med valgresultatene

Ordførar i Vadsø Wenche Pedersen (Ap) trur kommunedirektøren har gjort grundige vurderingar i kuttforslaga sine. Ho seier folk må forstå at kommunen må omorganisere drifta.

Foto: Hanne Wilhelms / NRK

– Mindre gøy å bu i Vadsø

Dersom forslaget til kutt blir vedtatt trur Sigurd Larne Tolk at det vil bli mindre attraktivt å vekse opp i Vadsø.

– Kuttar ein i kulturskolen og legg ned ungdomsklubben blir det lite igjen. Det blir mindre gøy å bu i Vadsø, for vennene mine synest det er fine møteplassar.

Sigurd Larne Tolk i Vadsø spiller trommer. i en blå t-skjorte.

Sigurd Larne Tolk forstår at kommunen må gjere endringar for å berge økonomien. Han fryktar likevel for bu- og blilysta om kuttforslaga blir vedtatt.

Foto: Hanne Wilhelms / NRK

Han seier han forstår at kommunen må kutte for å få økonomien i balanse, men meiner det handlar om prioriteringar.

– Ein må prioritere det folket bruker mest og heller kutte i tilbod som ikkje er like populært. Mange barn og unge trivst her, eg meiner ein må skjerme kulturskolen.