Hopp til innhold

Statens vegvesen: – Vi må ha eit system som handterer slike hendingar på ein best mogleg måte

Vegvesenet skal ha eit oppsummeringsmøte med naudetatane etter trafikk-kaoset i Tromsø onsdag.

Torbjørn Naimak

Regiondirektør i Statens vegvesen, Torbjørn Naimak, seier dei no skal evaluere situasjonen som oppstod saman med naudetatane.

Foto: NRK

– Tromsø ligg jo på ei øy, og det er klart at ein er avhengig av bru og tunnel. Når ein da får forstyrringar i dette, så gir det sjølvsagt konsekvensar. Det er eit sårbart system.

Dei seier regiondirektør i Statens vegvesen, Torbjørn Naimak, knapt eit døgn etter trafikk-kaoset som prega Tromsø onsdag.

Onsdag ettermiddag blei det full stopp i trafikken i Tromsø, etter at ein buss punkterte på Tromsøbrua rundt klokka 14, noko som skapte lange køar, både på fastlandssida og på sjølve øya.

Politiet måtte også stenge av Tromsøysundtunnelen i løpet som går frå Tromsøya til fastlandet, på grunn av at det blei for mange bilar inne i tunnelen. I tillegg fekk ein bil motorstans i tunnelen.

Må dra lærdom av dette

Situasjonen var lenge uoversiktleg, og regiondirektør i Statens vegvesen, Torbjørn Naimak, seier dei no skal ha eit oppsummeringsmøte med naudetatane.

– Det som er spesielt viktig, er å ha eit opplegg som sikrar naudetatane kjem fram så godt som mogleg. Derfor skal vi også ha eit spesielt oppfølgingsmøte med naudetatane med tanke på problemstillingane dei har.

Naimak seier at Vegvesenet og politiet også må snakke om korleis ein handterer og samhandlar om slike situasjonar på best mogleg måte.

Var samhandlinga mellom Vegvesenet og politiet godt nok i går?

– Eg har ikkje eit grunnlag for å seie noko om det, for eg har ikkje vore inne i den diskusjonen. Men det er ein av dei tinga vi må sjå på, om samhandlinga verka godt nok. Det reknar eg med at både vi og politiet er interesserte i å dra lærdom av.

Trafikkaos i Tromsø sentrum

Det var lange køar onsdag, mellom anna i Tromsø sentrum.

Foto: Petter Strøm / NRK

Vanskeleg å heilgardere seg

– Det som skjedde i Tromsø i dag viser kor sårbar vi er på dei viktigaste transportårene vi har, sa byrådsleiar i Tromsø, Kristin Røymo, til NRK onsdag kveld.

Også politistasjonssjefen i Tromsø, Morten Pettersen, innrømma at situasjonen var rimeleg kaotisk.

Regiondirektøren er einig i at trafikksystemet i Tromsø er sårbart, men meiner det er vanskeleg å heilgardere seg mot havari og punkteringar ute i trafikken.

– At du får slike hendingar, er vanskeleg å gardere seg 100 prosent mot. Men vi må ha eit system som handterer slike hendingar på ein best mogleg måte, seier Naimak til NRK.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark