Hopp til innhold

Varm start på dagen – meir sommar og sol i vente

Det ligg an til ein ny sommardag i nord. Allereie klokka 6 var det sommartemperaturar i Midt-Troms.

Sol på Finnsnes

Sola glitrar på himmelen i Midt-Troms.

Foto: Kari Anne Skoglund / NRK

Fleire stader på kysten starta dagen med morgondis i Troms. Det kan vere eit like sikkert teikn på sommarvarme, som sola frå nærmast skyfri himmel andre stadar i fylket.

– Utover dagen vil det fortsette med delvis skya vêr. Nokon stader fortsett det med sol.

Det seier vakthavande meteorolog på Meteorologisk institutt, Maiken Vassel.

Så tidleg som klokka 6 i dag tidleg blei det målt 18 grader i Brønnøysund, 16 grader på Bardufoss og 14 grader i Tromsø.

Og varmare skal det bli utover dagen.

Kan bli torevêr

Dei siste dagane har det vore sommarlege temperaturar og knall sol i nord.

– Temperaturane vil stige utover dagen. Det er mogelegheiter for 19, kanskje 20 grader i Tromsø.

Klokka 8 var det blitt 19 grader i Dividalen i Målselv.

Du treng ikkje vere bekymra for at onsdag blir siste dag med godvêr.

– I morgon ser det ut som at det blir meir sol enn i dag, og det er lovande. Det blir opphaldsvêr, og temperaturen kjem til å stige i morgon også, seier Vessel.

Torsdag kan det bli torevêr på indre strøk, mens det er venta opp mot 23 grader i Tromsø.

Sjølv om onsdag starta litt kjøligare i Finnmark enn i Troms, er det venta sommarvêr fleire stadar.

– Særleg i vest i Finnmark er det blå himmel. Det er ganske varmt, og i Alta blir det 17 grader i dag, seier meteorologen.

Men nokon stader blir det ein grå dag.

– Jo lenger aust ein kjem, jo gråare blir dagen. I løpet av dagen vil det lette litt de plassane, men det vil fortsette å vere overskya.

Høg vassføring og skogbrannfare

Høge temperaturar bringar med seg nokon andre sommarteikn, som høg vassføring i fleire elver og vassdrag.

Foreløpig er det ikkje sendt ut farevarsel for flaum i nord.

Eit anna sommarteikn er skogbrannfare. Sidan i helga har det vore ute eit gult farevarsel for skogbrannfare i Sør-Troms. Det varar ved.

Yr melder også om skogbrannfare i indre strøk av Finnmark.

Les også Brann på 90.000 kvadratmeter: Tre bygninger brant ned

Brann. Balsfjord.