Hopp til innhold

Varslar opp mot 28 grader i Nord-Noreg

Dei neste dagane kryp gradestokken oppover i Nord-Noreg.

Høye temperaturer i Nord-Norge
Foto: Meteorologisk institutt

– Dei stadene som får høgast temperatur, vil få opp mot 25 til 28 grader torsdag.

Det opplyser Meteorologisk institutt på X.

Statsmeteorolog Karen Jarstø Ervik seier i ettermiddagssendinga til NRK Troms og Finnmark at Troms har hatt godt ver tysdag.

– Det er målt opp mot 25,9 grader i Dividalen, så det har vore varmt. Stort sett fint ver,
lite vind.

I Finnmark har det tysdag vore litt kjøligare: Der er det målt opp mot 16 grader, seier statsmeteorologen.

Men det blir varmare.

Torsdag er det ifølge Yr meldt godt over 20 grader fleire stader i Troms. Det same gjeld i Finnmark.

Gras- og lyngbrannfare

Det har vore relativt høge temperaturar fleire stader i dei nordlegaste fylka dei siste dagane.

Det er også gras- og lyngbrannfare i delar av Nordland, Sør- Troms og i indre strøk av Finnmark.

Les også Brann på 90.000 kvadratmeter: Tre bygningar brann ned

Brann. Balsfjord.

Førre veka var det også godt ver i nord:

Flere nyheter fra Troms og Finnmark

Brannvesen ved Hammerfest lufthavn etter brannalarm.

Hammerfest lufthavn åpen igjen etter brannalarm

Lossing av frossen torsk

Anbefaler dramatisk kutt i torskefisket