Hopp til innhold

Måtte overnatte på flyplassen i Tromsø: – Som om vi var i militæret

Uvêr og fullbooka hotell i Tromsø gjorde at flyplassen måtte finne fram feltsenger og ullpledd til passasjerar. Fredag er uvêret over, men fleire avgangar er framleis utsette og innstilte.

Sunniva Leikanger og Ole Mathias Hetlesæther på Tromsø lufthavn

Sunniva Leikanger og Ole Mathias Hetlesæther skulle berre mellomlanda på Tromsø lufthavn, men enda opp med å måtte overnatta der.

Foto: Per Inge Anthi Åsen / NRK

  • Oppdatert: Trafikken på Tromsø lufthamn går som normalt

– Vi fekk melding om at dei ville legge fram feltsenger. Vi har lege her som om vi var i ein militærleir, men det har vore ei super og kjempefin stemning, seier Aina Isaksen.

Aina Isaksen og ei veninne frå Skjervøy i Nord-Troms var blant dei hundre reisande som måtte overnatte på flyplassen i Tromsø natt til fredag.

Dei hadde reist tidleg torsdag morgon til Tromsø, men blei fanga av uvêret.

– Vi visste vêrmeldinga var dårleg. Men vi håpa vi skulle kome oss av garde før det slo til, seier ho.

Begge veninnene er samde om at dei ikkje har lidt noko naud, og dei føler seg godt varetekne av flyplasspersonalet.

– Vi veit kor vi bur. Slik er vêret i Nord-Noreg. Vi veit at ting kan skje, og vi har ikkje lidt noko naud, påpeikar ho.

aina Isaken og dame fra Skjervøy

Aina Isaksen (åt høgre) og ei veninne frå Skjervøy hadde overnatta på feltsenger på flyplassen.

Foto: Tove Jensen / NRK

– Uffameg. Det har vore ein berg-og-dal-bane, seier Emilie Helleberg smilande.

Ho hadde nett henta seg ei feltseng og eit ullpledd i håp om å få sova litt.

Helleberg var blant dei drygt 100 passasjerane som motte overnatte på Tromsø lufthavn torsdag.

Uvær og fullbooka hotell i Tromsø gjorde at flyplassen måtte finne fram feltsenger og ullpledd til passasjerer. Fredag er uværet over, men flere avgangar er fortsatt utsatt og innstilt.

Har ikkje lidt noko naud, sier Aina Isaksen fra ei feltseng på Langnes lufthamn.

Fleire fly er innstilte eller utsette på grunn av uvêret «Ingunn», og hotella i Tromsø var fullbooka. Dermed måtte leiinga finne alternative løysingar for dei som vart att på flyplassen.

Helleberg var på veg til Hammerfest, og hadde vore på flyplassen sidan torsdag føremiddag. Ho var nøgd med at ho i det minste hadde fått ei seng å sove på.

Fredag morgon var det lange køar på flyplassen.

Emilie Helleberg på Tromsø lufthavn

Emilie Helleberg har prøvd å gjere det beste ut av situasjonen, og vonar å få seg ei god natt på feltsenga.

Foto: Per Inge Anthi Åsen / NRK

– Eg har eit fly i morgon, så eg satsar på å kome meg vidare då, seier ho før ho kryp inn under ullpleddet og legg seg til rette.

Les også Nå har «Ingunn» nådd Finnmark: Nesten alle veier stengt

Veier i Troms og Finnmark er stengt på grunn av uværet «Ingunn».

Skulle berre mellomlande

Like i nærleiken hadde Sunniva Leikanger og Ole Mathias Hetlesæther fått sett opp feltsengene sine.

Dei skulle berre mellomlanda i Tromsø på veg frå Kirkenes til Oslo, men måtte i staden overnatte på flyplassen.

Setter opp feltseng på Tromsø lufthavn

På grunn av fulle hotellrom i Tromsø må fleire passasjerar overnatta på flyplassen, men har fått utdelt feltsenger å sova på.

Foto: Per Inge Anthi Åsen / NRK

Det var ikkje heilt slik dei så føre seg at dei skulle bruke dagane med permisjon frå militæret.

– Vi skulle eigentleg vore heime no. Det er litt annleis å bruka permen sin på å vere her, men det går greitt. vi riggar til så godt vi kan, sa Hetlesæther.

Les også Henrik (24) er en av 4000 uten strøm i øykommunen – frykter mobilnettet kan ryke

En mann sitter i en sofa med en hund på fanget. I bakgrunnen brenner stearinlys.

Eigentleg skulle dei vore heime i Oslo tidleg torsdag ettermiddag.

– Det byrjar å bli ei stund sidan, seier Leikanger, som legg til at dei vonar å kome seg heim tidleg fredag.

Langnes flyplass

Langnes flyplass fredag morgon.

Foto: Torgeir Skeie / NRK

Uvanleg situasjon for leiinga

Sjølv om folk i Nord-Noreg er vande med hardt vêr, er det ikkje dagleg kost med uvêr som «Ingunn». Leiinga ved lufthamna er heller ikkje vande med å måtte finne fram feltsenger og pledd til passasjerane sine.

– Det har vore relativt hektisk. Men det var god stemning og folk har handtert dette bra, seier lufthamnsjef Ivar Helsing Schrøen fredag formiddag.

Lufthamnsjef Ivar Helsing Schrøen

Lufthamnsjef Ivar Helsing Schrøen

Han seier det var rundt 120 personar som har vore nøydde til å overnatta på flyplassen, fordi det er fullt hjå hotella.

Passasjerane har likevel handtert situasjonen bra, ifølgje Schrøen.

– Vi har aldri måtte tatt i bruk feltsenger før, påpeikar han.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark