Hopp til innhold

Vil legge ned produksjon av pølser og kjøtt: – Ikkje lenger vits å drive landbruk i nord

Fabrikken i Målselv er den einaste produsenten av pølser og kjøttdeig frå Gilde i Nord-Noreg. No vurderer Nortura å flytte alt sørover – og ut av landsdelen.

Nortura på Andslimoen, Målselv
Foto: Linda Pedersen / NRK

Nedlegginga vil ha store konsekvensar for vidareforedlinga av mat i nord.

– Vi skulle produsere for den nordnorske marknaden, men vi ser at produksjonen har gått meir og meir ned, seier fabrikksjefen Nortura, Arne Viggo Nesvold.

Fabrikksjef Arne Viggo Nesvold ved Nortura i Målselv

Fabrikksjef Arne Viggo Nesvold

Foto: Linda Pedersen / NRK

Årsaka er mellom anna at dei tre store matvarekjedene Coop, Norgesgruppen og Rema 1000 har storparten av matvarelagera sine sørpå.

Pølseproduksjonen skal no flyttast til Tønsberg, og kjøttdeigproduksjonen til Malvik.

– Vi produserer så lite at det blir fort dyrt i forhold til det dei produserer sørpå, seier Nesvold.

Pølser på rekke og rad på Nortura sin fabrikk i Målselv
Foto: Malin Straumsnes / NRK

– Vi mistar evna til å produsere mat

Flyttar dei produksjonen til Sør-Noreg, vil kjøtt produsert i nord bli sendt sørover for tilarbeiding, for så å bli sendt nordover igjen.

– Det gjer oss til ein råvareleverandør som landsdel dersom vi ikkje skal foredle maten vi produserer og skape verdiar og arbeidsplassar, seier Birger Bull. Han er styreleiar i Troms Bonde- og Småbrukarlag.

Han meiner dette vil føre til at ein mistar evna til å produsere mat i nord. I tillegg blir det umogleg å produsere kortreist mat.

– Det blir ikkje lenger hensiktsmessig å drive landbruk i nord når samfunnet ikkje skal ha noko av verdiskapinga av produkta vi lager.

Fabrikken i Målselv produserte tidlegare ein stor del av middagspølsene i landet, før delar av denne blei flytta sørover. Ifølgje Bull var argumentet at det var for langt å frakte maten sørover. Han reagerer på at regelen ikkje går andre vegen.

– Det at vi kan, skal og bør produsere mat i heile landet, har tydelegvis ingen verdi.

– Matvarekjedene tvinger Nortura og andre produsentar til å sende matvarene sørover, der dei skal pakkast og distribuerast. Det gjer at alle produsentane samlar seg rundt deira matvarelager på Austlandet, seier Bull.

Birger Bull, bonde og leder i Tromsø Bonde- og Småbrukarlag. Han reagerer på at landbruket blir stemplet som miljøversting på lik linje med flytrafikken.

Birger Bull er styreleiar i Troms Bonde- og Småbrukarlag, og driv sjølv med ammekyr.

Foto: Christer Johnsgård/NRK

Mistar ein av dei viktigaste arbeidsgivarane

Flyttinga av produksjonen vil også få store konsekvensar for Målselv kommune. Nortura er den støre arbeidsgivaren i Målselv etter kommunen sjølv og Forsvaret.

– Eg synest det er frykteleg feil retning å gå til. Å frakte all maten til Sør-Noreg fordi de har dei store matlagera, og så skal det distribuerast derfrå og til resten av landet, seier ordførar, Bengt-Magne Luneng (Sp).

Han seier dei vil gjere det dei kan for å påverke både styresmakter, Nortura og matvarekjedene til å hindre at produksjonen blir flytta.

– Mistar vi 35 arbeidsplassar, kan det bety at vi mistar 70–100 menneske om vi tenker at alle dei har familie. Det vil vi merke veldig om dei forsvinn, seier Luneng.

Luneng er som Bull kritisk til makta dei store matkjedene har.

– Det bør ikkje vere slik at dei styrer korleis matproduksjonen skal gå føre seg i landet. Det er viktig for Nord-Noreg og Målselv at vi har produksjon av kjøtt også i dette område. At ikkje alt skal flytte sørover fordi det er der matvarekjedene har sine lager.

Han seier konsekvensane av å flytte produksjonen vil bli mykje større enn berre tapet av arbeidsplassar.

– Eg meiner det må vere mogleg å finne løysingar som gjør at man kan produsere mat her og få det ut til mellomlagera ein har rundt i heile landet. Då vil maten også bli meir kortreist, seier ordføraren.

Ordfører i Målselv, Bengt-Magne Luneng.

Ordførar i Målselv, Bengt-Magne Luneng fryktar det vil få store negative ringverknader om Nortura flyttar produksjonen ut av Nord-Noreg.

Foto: Fabian Ubeda / NRK

No har både fabrikksjefen og Nortura, saman med tillitsvalde, samla ei gruppe for å sjå om det er mogleg å redde produksjonen på Målselv.

Blir kuttet gjennomført, fryktar dei tillitsvalde at 35–40 arbeidsplassar forsvinn. I dag har fabrikken 130 tilsette.

– Vi får prøve å finne ut om vi kan produsere andre ting her. Vi kunne laget pinnekjøtt, fenalår, pølsetypar som er funnet opp her i nord. Som satsar på nord, seier Guttorm Jensen, som er tillitsvalt på fabrikken.

Han trur det likevel ikkje blir same produksjon som den dei har i dag.

Har store lager i nord

Norgesgruppen avkreftar Bull sin påstand om at dei tvinger produsentar til å flytte sørover, ved å konsentrere alle sine matvarelager sør i Noreg. Dei viser til at ASKO har ein stort lager like utanfor Tromsø, som sikrar distribusjon i landsdelen.

I ein e-post til NRK skriv Kjell S. Rakkenes, konserndirektør for Nortura SA at den viktigaste årsaka til at dei må greie ut dette er knytt til konkurransen mellom dei ulike kjøttforedlingsbedriftene i Noreg.

– Nortura konkurrerer mot produsentar med sentraliserte produksjonar og store volum på enkeltanlegg. Dette fører til at Nortura får ein kostnadsulempe og tapar i konkurransen om gunsten til kundane, skriv han.

Ifølgje han står Målselv for om lag 6 prosent av den samla pølseproduksjonen i Nortura og har viktige småskalaulemper. Produksjonsvolumet fall over lengre tid.

– Det gjer det krevjande å sikre forsvarleg lønnsemd fordi kostnadane per produsert eining blir for høge, skriv Rakkenes.

Han skriv også at anlegget i Målselv har ein heilt sentral plass i industristrukturen. Det er ein garantist for at vi kan ta i mot slakt frå bønder i Nord-Noreg.

Saka har blitt oppdatert etter publisering med meir tilsvar frå Nortura.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark