I dag blir dei to siste av totalt fire pasientar med påvist MRSA-bakterie ved nyfødt intensivavdelinga ved UNN i Tromsø utskrive frå sjukehuset.
Det opplyser Marit Einejord ved pressevakta på sjukehuset.
Avdelinga blei ramma av eit utbrot som blei bekrefta 26. august. Ingen av dei andre pasientane som har vore tilknytt avdelinga sidan da har fått påvist smitte. Avdelinga kan dermed opnast som vanleg i løpet av dei nærmaste dagane, seier Einejord til NRK.
I slutten av førre veke fekk UNN melding om to nye positive prøvar av MRSA-bakterie på utskrivne pasientar, og desse to blei skrivne ut før utbrotet i slutten av august. 59 pasientar som har vore innlagt i perioden 1. juni til 25. august har fått oppfordring om å teste seg for smitte hos sin lege, opplyser Einejord.