Hopp til innhold

Meiner kommunane framleis sit med makta

Statssekretær Ronny Berg avviser at nytt oppdrettsforslag vil ta makta frå kommunane.

Oppdrettsmerder

OPPDRETTSMERDAR: Ordførar i Alta er redd eit nytt forslag vil ta makta frå kommunane i fastsetting av kor oppdrettsselskapa kan ha sine anlegg.

Foto: Linda Bjørgan / NRK

Fiskeridepartementet foreslår at selskap kan drive produksjon i fleire oppdrettsregionar. Det vil seie at selskapa vil få generell tilgjenge til å utnytte tre produksjonsområde som grenser til kvarandre, inkludert det området løyvet er heimehøyrande i.

Forslaget har fått ordførar ei Alta, Monica Nielsen til å reagere. Ho fryktar at kommunane vil miste kontrollen over oppdrettsanlegga.

Statssekretær i Fiskeridepartementet, Ronny Berg (Frp) avviser dette. Han seier det er ingenting i forslaget som endrar på styringsretten til kommunane.

Ronny Berg

Statssekretær i Fiskeridepartementet, Ronny Berg (Frp).

Foto: Gyda Katrine Hesla/NRK

– Det er heilt feil at det vil føre til auka press eller at ein mister styringsrett, seier statssekretær Ronny Berg (Frp) i Fiskeridepartementet.

Alta kommune har tidlegare blitt overprøvd to gonger i reguleringsspørsmål for oppdrettslokalitetar. Ordførar Monica Nielsen fryktar nå at nye regler vil utfordre lokal råderett.

– Når det gjeld volumauke ved oppdrettsanlegg, så har Alta kommune ved to høve sagt nei. Fylkeskommunen har sagt nei. Aktørane har så klaga dette inn til Fiskeridirektoratet, som har snudd saka, seier Nielsen.

Monica Nielsen på Nord i Sør Konferanse i Oslo

Monica Nielsen (Ap) er ordførar i Alta, Noregs fjerde største oppdrettskommune.

Foto: Kai Erik Bull

Forslaget blei lagt ut på høyring rett før jul med høyringsfrist fredag 6. januar. Fristen er no forlenga til tysdag 10. januar.

Statssekretær Ronny Berg meiner lokalpolitikarane har all makt når det gjeld å avsette areal til oppdrettsformål.

– Om eit selskap har ein oppdrettslokalitet i Troms, og ønsker å ha fleksibilitet i produksjonsområde og flytte den, for eksempel til Alta, så kan dei ikkje gjere det utan at Alta kommune har sett av område til det, seier Berg.