Hopp til innhold

Mann omkom i arbeidsulukke på fiskefartøy

Ein mann i 20-åra omkom i ei arbeidsulukke på eit fiskefartøy utanfor Tromsø natt til søndag. Troms Politidistrikt har starta etterforsking. Pårørande er varsla.

Arbeidsulukka skjedde i natt. 50 nautiske mil, eller 90 km, utanfor Tromsø.

Ulukka skal ha skjedd rundt 00:30 natt til søndag. Ulukka skjedde på dekket på ein mindre fiskebåt, 50 nautiske mil utanfor Tromsø.

– Kystvakta sitt redningshelikopter var på staden, og tok med seg ein av mannskapet som var skada. Han blei seinare meldt død då dei kom til UNN, seier operasjonsleiar Eirik Kileng i Troms Politidistrikt.

Båten hadde eit mannskap på fire personar. Ingen andre skal vere skada.

Den omkomne er ein mann i 20-åra frå Nordland. Dei pårørande er varsla.

Båten er no på veg inn til kai i Tromsø.

– Vi vil då gjennomføre kriminaltekniske undersøkingar på båten, og avhøyr av dei andre som var om bord, seier Kileng.

Før dette er gjennomført vil dei ikkje seie noko meir om korleis ulukka skjedde, eller kva båt det gjeld.

Kystvakthelikopter NH90.

Redningshelikopter NH90 deltok i redningsarbeidet i natt.

Foto: Kystvakta

Flere nyheter fra Troms og Finnmark