Hopp til innhold

Lensmann meiner kommunen har latt seg presse av hyttefolket i skutersak

Lensmann på Finnsnes, Arnold Nilsen, er rysta over at Lenvik kommune har gitt skuterdispensasjonar til grunneigarar. Nilsen meiner dispensasjonane er ulovlege, og gitt etter press.

Lensmann Arnold Nilsen i Lenvik

Lensmann i Lenvik, Arnold Nilsen, er svært kritisk til handteringa av skuterdispensasjonar i kommunen, som han meiner er ulovlege.

Foto: Arild Moe

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I eit brev til Fylkesmannen i Troms viser lensmann Arnold Nilsen til sju ulike saker kor han meiner det er gitt skuterdispensasjonar som bryt med norsk lov.

I alle tilfella dreier det seg om grunneigarar i Finnfjordbotn som tidlegare i vinter fekk avslag på sine søknadar om å køyre snøskuter til hyttene sine, men før påske blei desse vedtaka omgjort og dei sju grunneigarane fekk dispensasjonen likevel.

I tida mellom avslag og omgjering, trua grunneigarane med å nekte idrettslaget å køyre opp skiløypene i Finnfjordmarka, som Nordlys skreiv om i mars.

Nilsen meiner dette tyder på at grunneigarane har pressa kommunen.

– Eg kan ikkje leggje skjul på at det presset dei har utøvd, openbart har ført til ein dispensasjon dei etter lova ikkje har krav på, seier Nilsen til NRK.

– Uheldig

Nilsen seier at administrasjonen i kommunen lenge har hatt ei god og grundig saksbehandling av dispensasjonssaker når det gjeld motorferdsel i utmark. Han har derimot lagt merke til at det i fleire klagesaker har blitt gitt dispensasjon utover det lova opnar for.

– Det har gjort at vi har vore oppmerksame på saksbehandlinga i Lenvik på dette området, seier Nilsen.

– Kva tenker du om dei dispensasjonane som er gitt direkte av rådmannen?

– For det første er det ein ny praksis i kommunen. Eg er ikkje kjent med at rådmannen tidlegare har omgjort vedtak gjort av eigen saksbehandlar, og i alle fall ikkje saksbehandla klagesaker. Klagesaker skal behandlast av det politiske utvalet, seier Nilsen og legg til:

– Det tyder på at ein har hatt det travelt, og eg synest det er uheldig at Lenvik kommune har latt seg presse til å gje desse dispensasjonane som etter mitt skjønn er lovstridig. No vil desse enkeltsakene sannsynlegvis bli vurdert av Fylkesmannen i Troms, og så får vi sjå resultatet av den behandlinga.

Fylkesmannen: Ser på saka

Lensmannen er svært skeptisk til måten denne saka har blitt handtert, og kallar det både tvilsamt og beklageleg.

– Denne gongen handla det om motorferdsel i utmark, ein annan gong kan det dreie seg om krav om noko anna, og ein kan jo sjå for seg ei pressgruppe som er større enn sju grunneigarar i Finnfjorden. Kva skal dei kunne presse ein kommune til?, spør han retorisk.

Evy Jørgensen

Miljøverndirektør hos Fylkesmannen i Troms, Evy Jørgensen, har mottatt brevet frå lensmann Arnold Nilsen.

Foto: Marita B. Andersen / NRK

Miljøverndirektør hos Fylkesmannen i Troms, Evy Jørgensen, seier dei er glade for at politiet i Lenvik ber dei sjå på skutersaka i kommunen.

– Vi har akkurat starta saksbehandlinga, men forventar at det politiske utvalet for miljø og forvaltning i kommunen har gjort lovlege vedtak, seier ho til NRK.