Hopp til innhold

Køyrer framleis på vinterdekk – ei veke etter fristen

Det er stille før stormen hos dekkskiftarane i Finnmark. Ein vinter som ikkje gir slepp, gjer at piggdekka framleis er på.

Geir Frode Sletten

Dagleg leiar ved AS Stål og gummi i Alta, Geir Frode Sletten, ventar på innrykket av bilar som skal ha på sommardekk.

Foto: Kristin Forland / NRK

– I fjor var vi i gang i midten av april, så vi er tre veker etter med sesongstart.

Det fortel dagleg leiar ved bilverkstaden Stål og gummi i Alta, Geir Frode Sletten.

Ei veke etter fristen for å bytte ut piggdekka er gått, er det framleis rolege dagar på Stål og gummi i Alta. På same tid i fjor var det 80 bilar innom dagleg for dekkskifta. Dagen NRK er på besøk, kjem bil nummer fem innom garasjen.

I Alta sentrum er vegane berre, men på parkeringsplassar, sidevegar, og ikkje minst over fjellovergangane er det framleis is og snø.

– Eg håper det kjem fleire folk utover veka no, men eg fryktar at måndag og tysdag før 17. mai blir hektiske dagar, seier Sletten, som no ser for seg ein dekkskiftesesong på to dagar i staden for to veker.

Snø og is i mai gjer at finnmarkingar venter med dekkskiftet.

FRAMLEIS PIGGDEKK: Hos AS Stål og gummi i Alta ville dekkskiftkøyret normalt ha starta i april, men den lange vinteren gjer at mange held på piggdekka ei stund til.

Glatt føre over Vidda

Det er meldt snø i Finnmark dei kommande dagane, og temperaturane held seg rundt null grader.

På parkeringsplassane i Alta er det derfor tett mellom piggdekka. Blant dei som dryger byttet er Maret Eira Gaino, som har køyrt frå Kautokeino til Alta.

– Nei, eg har ikkje bytta. Vi har enda snø i Kautokeino, og på vegen hit var det glatte parti, med både snø og is.

Maret Eira Gaino

Maret Eira Gaino vil vente til snøen er borte i Kautokeino før ho tar av piggdekka.

Foto: Kristin Forland / NRK

Trass i at piggdekkfristen er gått, er ho ikkje redd for å få bot.

– Ein skal jo køyre etter føret, og for å vere på den sikre sidan så køyrer eg med vinterdekk så lenge det er snø, seier Eira Gaino.

Risikerer ikkje bot

Ifølge vegtrafikklova, skal piggdekka no vere av over heile landet.

Piggdekk eller kjetting må ikke brukes i tiden fra og med første mandag etter 2. påskedag til og med 31. oktober om ikke føreforholdene gjør det nødvendig. I Nordland, Troms og Finnmark er tilsvarende periode fra og med 1. mai til og med 15. oktober.

Vegtrafikkloven / Lovdata.no

Men formuleringa "om ikkje føreforholda gjør det nødvendig" gjer at sjåførar i Finnmark framleis kan køyre med pigg, utan å vere redd for bot. Det stadfester lensmann i Alta, Svein Tore Nilsen.

Lensmann Svein Tore Nilsen

Lensmann i Alta, Svein Tore Nilsen seier at han ikkje vil gi bot for køyring med piggdekk for etter mai månad.

Foto: Kristin Forland / NRK

– Foreløpig kan det sjå ut til at det er lurt å ha piggdekk eller andre vinterdekk på, seier Nilsen.

Lensmannen kan derfor roe sjåførar med at botsblokka ikkje er henta fram heilt enda.

– Ein må la fornufta rå lengst mogleg. Vêr og vind skifter ganske hyppig for tida, så vi er avventande foreløpig, seier Nilsen.

Men når snø og is er borte frå vegane, bør sommardekka snarast på.

– Når vi ser kva slitasje som kjem på vegane, og det svevestøvet som det gir, så er det ikkje bra å køyre med piggdekk på bar asfalt, seier lensmann Nilsen.