Hopp til innhold

Forsvarsministeren om langtidsplanen: – Vil nå områda i Nord-Noreg tungt

I dag legg regjeringa fram ein ny langtidsplan, som skisserer Forsvaret for dei neste tolv åra.

Forsvarsministeren seier Noreg har behov for å styrke det militæret nærværet i Nord-Noreg.

– Vi har behov for å styrke nærværet, situasjonsforståingar og evna til å operere kontinuerleg i nord, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) til NRK på Politisk kvarter.

Gram kunne også fredags morgon avsløre at dei militære lokasjonane i Finnmark og Troms derfor vil få fyldige avsnitt i planen.

Kva denne satsinga inneheld er foreløpig uklart, men det er spekulert om at det vil bli oppretta ein eigen brigade i Finnmark.

– Viktige delar av Forsvaret på land er også lokaliserte i Nord-Noreg, i Indre Troms, Porsanger, grensevaktene og andre lokasjonar. Det kjem styrkingar breitt i Forsvaret, og det vil også nå desse områda tungt.

Norske soldater under Nordic response
Foto: Jonas Løken Estenstad / NRK