Hopp til innhold

Forskarar fryktar ny bølgje av hjarte- og karsjukdom

Gapet mellom friske og sjuke nordmenn aukar. Mellom dei som blir stadig friskare og dei som blir meir sjuke.

Pære - eller epleform?

MEIR POLARISERT: Det er store sosiale forskjellar i helsa til nordmenn, ifølgje Tromsøundersøkinga.

Foto: Illustrasjon / Mograf

Nordmenn blir både meir overvektige og friskare samtidig. Dette har blitt eit mysterium for forskarane i Tromsøundersøkinga.

Likevel er dette ikkje eit svart/kvitt bilete. Helsa til nordmenn har blitt meir polarisert, mellom dei som blir stadig friskare, og dei som blir stadig sjukare.

Det sa leiaren for undersøkinga, Laila Arnesdatter Hopstock, på Helgemorgen, laurdag morgon.

Ifølgje Hopstock ser ein store sosiale forskjellar i helsa til nordmenn. Enkelte grupper har betre helse fordi dei har betre inntekt og utdanning.

Desse røyker mindre, er mindre overvektige og i meir fysisk aktivitet.

Laila Arnesdatter Hopstock

UROA: Laila Arnesdatter Hopstock, leiar i Tromsøundersøkinga, fryktar vi har ei ny bølgje av hjarte- og karsjukdom i vente.

Foto: Edvard Kristiansen

– Nokon har alle goda, medan andre fell utanfor. Gapet mellom dei med høg og lav utdanning blir berre større og større, seier Hopstock.

Fryktar ny epidemi av hjartesjukdom

– Det som uroar oss er at det særleg er dei unge som blir meir overvektige, seier Hopstock.

På 70-talet hadde vi ein epidemi av hjarte- og karsjukdom i Noreg. Spesielt i Nord-Noreg døydde mange unge menn av hjarteinfarkt.

På den tida var vi svært usunne. Folk røykte, hadde høgt kolesterol og blodtrykk, men var ikkje overvektige.

– No har dette snudd. Færre har høgt blodtrykk og høgt kolesterol, og veldig få røyker. Men veldig mange er overvektige.

– Ein skulle vente seg at fleire får hjarte- og karsjukdom og diabetes, men slik er det ikkje, seier Hopstock.

Enten er ikkje overvekten så farleg for oss. Eller så har vi ikkje nådd bølga enda, fordi det tar tid før livsstil blir til sjukdom.

Vil endre måten vi arbeider med overvekt

Mari-Mette Graff, leiar i Landsforeningen for overvektige, meiner vi må endre måten vi behandlar overvekt på.

Mari-Mette Graff

FOKUS PÅ PSYKISK HELSE: Leiar i Landsforeininga for overvektige, ønsker at vi byrjar å sjå på overvekt som ein sjukdom, ikkje som moralske val.

Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK

– Byrjar vi å snakke om overvekt som ein sjukdom, opnar det for ei heilt anna forståing enn at ein berre snakkar om sukkeravgift, seier Graff.

Likevel er ho tilhengar av billig frukt og grønt – fordi det du tek med deg heim frå butikken, kjem an på kva inntekt du har.

– Helse er ei klasseutfordring. Det har vi sagt i mange år. Derfor må vi forstå det som ein sjukdom, ikkje eit moralsk problem, seier Graff.

Mange av medlemmane hennar ber om meir psykisk helse i behandlinga.

– Derfor hjelper det ikkje å seie at ein må ete mindre og trene meir, seier Graff.

Har fått færre til å ete sukker

– Sukker har fått mykje merksemd i desse debattane, og når vi ser på folket, går det stadig nedover, seier Sveinung Stensland. Han er andre nestleiar i Helse- og omsorgskomiteen, frå Høgre.

Han seier at dei har eit godt samarbeid med daglegvarekjedene, der enkelte kjedar legg vekt på å selje meir frukt- og grønt, og eit sunnare utval.

– Førebygging er det som betyr noko. Dei små vala ein tek i kvardagen er det som betyr noko, seier Stensland.

Han vil samtidig anerkjenne at ein del av dei som er overvektige har psykiske sjukdommar.

– Dette er samansett og krevjande, og dei som har desse utfordringane treng hjelp, seier Stensland.

Sveinung Stensland

SAMARBEIDAR: Sveinung Stensland, i helse- og omsorgskomiteen, seier dei har eit godt samarbeid med daglegvarekjedene for å betre utvalet av frukt og grønt.

Foto: Erik Waage / Erik Waage

Lytt til Debatten om fedme blant nordmenn:

Flere nyheter fra Troms og Finnmark