Hopp til innhold

Deler av Nybyen på Svalbard evakuert på grunn av snøskredfare

Deler av Nybyen på Svalbard evakuerast på grunn av snøskredfare.

Buss står ved Nybyen på Svalbard under evakuering

18 personar blei evakuert ved Nybyen på Svalbard i ettermiddag.

Foto: Marcus Røseth Isachsen / Svalbardposten

Evakueringa av bygningane på oversida av vegen i Nybyen på Svalbard måtte vera gjennomført innan klokka 17.00 måndag ettermiddag, opplyser Sysselmeisteren på sine nettsider.

Avgjerda er basert på faglege vurderingar frå Noregs Geotekniske Institutt (NGI) og på vêrprognosane.

Måndag kveld og natt er det venta sterkt søraustleg vind og snø som dreier mot sørvest.

– Vêrprognosane er usikre, og Sysselmeisteren vil saman med Longyearbyen lokalstyre og NGI følga utviklinga løpande. Det vil bli gjort ei ny vurdering av situasjonen innan klokka 1 tysdag, opplyser assisterande sysselmeister Sølvi Elvedahl.

Evakuering Nybyen

Det er dette området som nå evakuerast.

18 evakuert

Det er ein del overnattingsstader og ein del andre utleidde bustader i Nybyen.

Det er lokalstyret som har ansvar for å ta kontakt med dei råka. Ifølge lokalstyreleiar Arild Olsen er det 18 evakuerte.

15 av dei er turistar og tre er fastbuande.

Buss foran tidligere folkehøyskole under evakuering av Nybyen på Svalbard.

18 personar blei evakuert.

Foto: Marcus Røseth Isachsen / Svalbardposten

Han seier dei er godt i gang med å finne husly for dei evakuerte.

– Vi har gode system og rutinar på det, og uheldigvis mykje erfaring med det. Vi er i prosess med å kartlegge behovet til de enkelte. Og så har aktørane også blitt god til å finne husvære til sine respektive. Vi føreset at det løyser seg no, som det har gjort tidlegare.

Ferdselsforbod

Det er innført ferdselsforbod i området.

– Ja, på oversida av husa, seier Elvedahl.

Både politi og brannvesen vil gå igjennom området før evakueringa startar.

– Ser de for de at dette blir ei langvaring evakuering?

– Det veit vi ikkje. Vi skal ha nytt møte med NGI og NVE i morgon formiddag.

Sysselmesterens bil i snøvær ved Nybyen under evakuering på grunn av snøskredfare.

Sysselmeisteren skal saman med NVE og NGI vurdere situasjonen igjen i morgon.

Foto: Marcus Røseth Isachsen / Svalbardposten

Det ho er tydeleg på er at de startar evakueringa på grunn av frykt for at de skal få skred som når helt ned og kan ta busetnad.

– Og fare for liv, seier ho.

Langvarig?

Sysselmeisteren og lokalstyret på Svalbard vil oppdatere om situasjonen fortløpande på sine nettsider.

Lokalstyreleiaren seier det å vere evakuert er ei belastning om det blir ein dag, tre dagar eller fem.

– Det fortel meg at sikkerheitstiltak vi har gjort i Longyearbyen har vore viktig å få på plass for befolkninga. Det fortel meg også at det er viktig å halde minst mogleg folk i områda kor det ikkje er gjort fysiske sikringstiltak. For evakuering er ei belastning. Det er ein restrisiko i et evakueringssystem, seier Olsen.

Snøfall ved vei i Nybyen under stor snøskredfare

Tidlegare heldt folkehøgskulen på Svalbard til i Nybyen. De har flytta inn i nye lokale.

Foto: Marcus Røseth Isachsen / Svalbardposten

I ein tidlegare versjon av saka sto det at det var 36 evakuerte, 19 av dei fastbuande. Det har blitt endra etter at lokallagsstyret kom med ei korrigering.