Hopp til innhold

Elevar protesterer, men stadig fleire skular droppar karakterar

Elevar ved Kongsbakken vidaregåande skole i Tromsø er frustrerte over at dei ikkje får karakterar på haustsemesteret. Professor meiner derimot at dette betrar læringsmiljøet.

Venla Forsgren, Vilde Eriksen Kurtulus, Karoline Albrigtsen, Kine Malene Selnes, Halvard Gjelland og Rasmus Jensen Frie (front)

Avgangselevane Venla Forsgren, Vilde Eriksen Kurtulus, Karoline Albrigtsen, Kine Malene Selnes, Rasmus Jensen Frie og Halvard Gjelland fra Kongsbakken videregåande skole i Tromsø.

Foto: Tove Jensen / NRK

– Lærarane seier konstant at vi skal ha meir fokus på læringa, men heile Noreg sitt skulesystem er basert på karakterar, seier Venla Forsgren (18).

Ho er avgangselev ved Kongsbakken vidaregåande skole i Tromsø.

Forsgren og klassekameratane reagerer sterkt på at skulen har bestemt at dei ikkje gir karakterar i haustsemesteret.

Elevane skal likevel få tilbakemeldingar på skulearbeidet.

– Grunnen er at vi ønsker fokus på læring og læringsprosessar, seier rektor ved Kongsbakken vidaregåande skole, Tonje Holm.

Elevane NRK har snakka med er likevel bekymra for at tilbakemeldingane ikkje skal gi god nok peikepinn på kva for ein karakter dei kan vente seg.

– Det er elevane som skal søkje studie til neste år. Viss vi ikkje får vite det før det har gått eit halvt år, har du mykje mindre tid på å hente deg inn, seier medelev Karoline Albrigsten.

Det var Nordlys som først omtalte saka.

Les også Krangler om de smarteste elevene

Isak Benjamin Gundersen (12) går på Elvebakken skole i Alta. Flere ganger i året får han forlate klassen sin og dra på talentsamling i realfag.

Støtte til å tone ned karakterbruk

– At skular reduserer eller kuttar ut karakterar, er del av ein større trend, seier professor i didaktikk ved NTNU – Noregs tekniske universitet, Henning Fjørtoft.

Ifølge han har det vore ein trend i fleire år å droppe karakterar på ungdomsskulen.

– I forskinga er det generelt stor støtte til å tone ned karakterbruk i skulen, rett og slett fordi karakterar kommuniserer dårlegare enn ei munnleg eller skriftleg tilbakemelding.

Samstundes påpeikar han at det er meir ressurskrevjande for lærarane å ikkje gi karakter, sidan dei må bruke meir tid på å gi gode tilbakemeldingar.

Henning Fjørtoft

– Vi har tru på at å redusere karakterar, redusere rangering og konkurranse internt i klassane, har mykje å seie for skulemiljøet generelt, seier forskar ved NTNU.

Foto: Morten Karlsen / NRK

Fjørtoft meiner at elevane som blir motiverte av gode karakterar er dei som nettopp får gode karakterar.

– Det finst forskarar som har antyda at karakterar kan skade nokre elevgrupper meir enn det hjelper andre grupper.

Fjørtoft trur dette er ei utvikling som vil halde fram.

Frykta for det ukjente

I likskap med Fjørtoft ønsker også rektor ved Kongsbakken at det skal bli ei permanent ordning å droppe karakterar på haustsemesteret.

– Veldig mange elevar les ikkje tilbakemeldinga, dei berre går rett på karakterane, seier rektor Holm.

Ifølge ho ønsker skulen å få bort karakterfokuset, og over på elevane sin læring.

Holm trur at frykta for det ukjente gjer at elevane reagerer.

– Alle endringar er litt vanskelege.

Tonje Holm, rektor, Kongsbakken vgs i Tromsø

Rektor ved Kongsbakken vidaregåande skole ønsker å auke fokuset på læring.

Foto: Hanne Wilhelms / NRK

Les også Lærarar slit med å setje karakter – her møtte 8 av 24 elevar til timen

Nesten tomt klasserom

Utdanningsforbundet heidrar ordninga

Leiar i Utdanningsforbundet Troms og Finnmark, Thomas Nordgård, støtter Kongsbakken si ordning.

– Eg vil gi heider til rektoren som ønsker å tenke nytt og klokt om vurdering, og å sette fokus på læringsprosessen, ikkje karakterar.

Thomas Nordgård, leder i Utdanningsforbundet Troms og Finnmark, portrettbilde.

– Talkarakteren er ikkje det viktige når vi skal finne ut korleis vi skal bli betre i eit fag, seier Thomas Nordgård, leiar i Utdanningsforbundet Troms og Finnmark.

Foto: Utdanningsforbundet

Ein talkarakter i seg sjølv seier ikkje så mykje om kva du skal gjere meir eller mindre av, meiner Nordgård.

– Karakteren seier heller ikkje mykje om korleis du skal jobbe vidare for å få betre resultat og betre læring.

Han har samtidig forståing for at avgangselevane reagerer.

– Klart eg skjønner det utløyser uvisse, men tilliten min til at lærarane og leiinga på Kongsbakken gjer kloke val, er ganske stor.

Les også Søknadsfristen nærmer seg: Martin (18) har ikke peiling

Martin Hurum Wasa