Hopp til innhold

Auke i turistfisket etter kveite: – Fare for lokalt overfiske

På tre år har talet på kveite teke på turistfisket i Finnmark, auka med nær 170 prosent. No foreslår Noregs Fiskarlag strengere regler for turistfiskerne, slik yrkesfiskarane fekk 1. juni. På sin plass, meiner dagleg leiar i turistfiskebedrift.

Kveite fra Loppa

Det har vore ein auke i uttaket av kveite i fritids- og turistfisket i Finnmark i perioden 2020 til 2023. No kan regelverket bli strengare.

Foto: André Bendixen/NRK

– Vi er positive til alt som kan vere med på å vareta og styrke fiskebestandane i havet. Uansett kva for artar vi snakkar om. Dette bidreg til å sikre framtida for gjestene våre.

Det seier Steinar Halvorsen, dagleg leiar ved Sandland Brygge AS i Loppa i Finnmark.

Steinar Helge Halvorsen ved Sandland Brygge prater med gjester fra Hønefoss.

Nærings- og fiskeridepartementet ønskjer å gjennomføre ei høyring for å få på plass strengare reglar for fritids- og turistfisket etter kveite. – Vi er positive, seier dagleg leiar ved Sandland Brygge AS, Steinar Halvorsen.

Foto: Christer André Henriksen / NRK

Det er ikkje berre yrkesfiskarane som fiskar kveite langs Finnmarkskysten. Også turistfiskarane tek opp mange eksemplar årleg. Og talet er aukande.

I 2020 vart det teke 3594 kveiter. I fjor tok turistfiskarane opp 9598 eksemplar. Dette ifølgje tal frå Fiskeridirektoratets rapport frå turistfisket. Auken har med andre ord vore på 167 prosent på to år.

– Bransjen vår er i vekst. Dette vil føre til at fleire fiskar og at uttaket aukar. Vi set derfor pris på at det no blir sett søkjelys også på korleis bransjen vår driv på, seier Halvorsen.

Og han legg til:

– På Sandland Brygge AS har vi i dag mest sportsfiskarar. Dei slepp ut meir fisk enn dei tek opp. Faktisk går meir enn 90 prosent av fisken tilbake i havet igjen, seier han.

Dette blir også underbygd i fangstrapportane til Fiskeridirektoratet.

Fiskeflåten i Finnmark tok i fjor cirka 450 tonn kveite.

Les også Ny studie: – Kveita tåler fang og slipp

Kveite tatt med fiskestang

– Risikerer utfiske

Etter ei omfattande høyring i fjor, fekk yrkesfiskarane 1. juni i år fleire avgrensingar i fisket etter kveite. Minstemålet vart heva frå 80 til 84 cm, og det kom nye reglar for kva utstyr som kan brukast.

I tillegg vart gytefredinga for kveite 20. desember til 31. mars, utvida til å gjelde alle typar reiskapar i heile landet. Tidlegare gjaldt dette berre for kveitefisket sør for Trøndelag.

No ønskjer Nærings- og fiskeridepartementet å gjennomføre ei høyring også for fritids- og turistfisket etter kveite.

– Dette er vel ei erkjenning på at også fritids- og turistfisket utgjer eit ikkje uvesentleg fisketrykk på bestanden i enkelte område, seier seniorrådgivar i Fiskeridirektoratet, Bernt Bertelsen.

– Vi har registrert ein effektivitetsauke i fisket etter kveite. Utan ei regulering i dette fisket, er det ein viss risiko for lokalt overfiske, legg han til.

Seniorrådgiver i Fiskeridirektoratet, Bernt Bertelsen.

No ønskjer Nærings- og fiskeridepartementet å gjennomføre ei høyring også for fritids- og turistfisket etter kveite. – Dette er vel ei erkjenning på at også fritids- og turistfisket utgjer eit ikkje uvesentleg fisketrykk på bestanden i enkelte område, seier seniorrådgivar i Fiskeridirektoratet, Bernt Bertelsen.

Foto: Privat / Fiskeridirektoratet

Etterlengta

Rådgivar i Noregs Fiskarlag, Trude Knutsen, seier yrkesfiskarane har slite med å setje seg inn i dei nye reglane. Spesielt problematisk var det at desse vart innførte midt i sesongen.

Knutsen meiner at det no er på sin plass at også fritids- og turistfisket blir regulert strengare.

– Fleire av medlemslaga våre melder at det har vore eit til dels intensivt fritids- og turistfiske etter kveite. Og at dette er særleg attraktivt. I fjor var fangsten av kveite i fritids- og turistfisket 84 prosent høgare enn året før. Og då særleg i nord, seier Knutsen.

– Vi foreslår derfor at minstemålet for yrkesfiskarane også må gjelde for fritids- og turistfiskarane. Og at også desse må vere underlagde fredinga nord for 62. breiddegrad, seier ho.

Trude Knutsen, fiskerikandidat

Trude Knutsen i Noregs Fiskarlag, meiner det er på sin plass at også fritids- og turistfiskarane får strengare krav i fisket etter kveite.

Foto: Privat

– Vil få konsekvensar

Fiskeridirektoratet skriv på nettsida si at høyringa, der det vil bli vurderte reguleringar i fritids- og turistfisket etter kveite, er tenkt ferdigstilt ferdig våren 2024.

Bernt Bertelsen i Fiskeridirektoratet ønskjer ikkje å forskotere i kva reguleringar som kjem.

Men han er tydeleg på ein ting:

– Viss vi skal innføre reguleringar i fritids- og turistfisket som har ein effekt, så vil naturlegvis nokon bli ramma, seier han.

Les også Dansker må punge ut etter ulovlig kveitefisking

Tove Kajgaard